Hjem
Institutt for geografi
Presentasjon

Posterpresentasjonar av masterprosjekt i geografi

Masterstudentane på andre året presenterer arbeidet med sine masterprosjekt så langt. Dei skal levere inn masteroppgåve i mai 2022.

Posterpresentasjon
Frå arrangementet 2019.
Foto/ill.:
Grethe Meling

Hovedinnhold

Vi inviterer alle geografistudentar og andre som er interesserte i å ta ein mastergrad i geografi til å delta på milepæl 3-seminaret 12. november. Her presenterer masterstudentane på 2. året sine prosjekt og feltarbeid. Dette er ein fin måte å få eit innblikk i kva eit masterprosjekt i geografi er og bli inspirert til vidare masterstudium.

Her blir det presentasjonar frå alle studieretningar, så dette er også svært nyttig for deg som skal velje studieretning i bachelorprogrammet til våren.

Vi møtes i Egget på Studentsenteret. Etter presentasjonen i Egget, vil kvar student stå ved sin poster for å svare på spørsmål. Det blir også pizza.