Hjem
Institutt for geografi
Utveksling

Geografistudentar i det store utland

Har du tenkt å ta delar graden din i utlandet? Her kjem litt inspirasjon frå geografistudentar som er på utveksling dette semesteret.

Foto/ill.:
Helen Gjærde

Hovedinnhold

Akkurat no er geografistudentar frå UiB på utveksling i Storbritannia, Nederland, Argentina, Bolivia, Ghana, Botswana, Australia og på Hawaii. Vi har fått stemningsrapportar frå to av studentane som er ute.

 

Gunnhild i Ghana

Gunnhild Laxaa tok steget til Afrika og studerer dette semesteret ved University of Ghana.  Ho hadde klare tankar om korleis det neste halvåret skulle bli, men det kjentes ganske uverkeleg då ho landa på Kotoka Airport i august.

University of Ghana er det eldste universitetet i Ghana med omlag 40 000 studentar. Campusområdet er stort, så det er viktig å ha god tid til å gå til forelesingar.

- Tid er likevel noko alle ghaneserar har nok av, og ein bør førebu seg på å leva etter ”African Time”, seier Gunnhild.

Ho meiner at det er spesielt interessant å ha fag der forelesar og pensum fokuserer på Afrika og Ghana. Mange av forelesarane er opptekne av å aktivera studentane, og stiller mange spørsmål.

- I begynnelsen var dette litt skummelt, men heldigvis er både forelesarar og medstudentar veldig hyggelege mot dei internasjonale studentane og som oftast blir ein spurt om å  gi døme frå heimlandet sitt. Fleire av geografiprofessorane mine har sjølv vore på utveksling i Norge, og er difor ekstra interessert i det eg har å fortella, seier Gunnhild.

 

Papirarbeid gir uttelling

Det er ein del papirarbeid knytt til det å reisa på utveksling, men ikkje la det stoppa draumen om eit semester utanom det vanlege.

- Frå dag ein har Ghana og menneska eg møter her gjort alt stress med visumsøknader, flybillettar og godkjenning av fag verdt tida. Eg er utruleg glad for at eg valte å reise hit på utveksling, seier Gunnhild.

For å understreke sitt gode val, melder ho om det positive med å få oppleva ein haust med temperaturar jamt opp mot 30 grader, song og musikk, gutar som vil danse med deg på byen, god mat, pensumlesing på stranda og menneske som tar seg tid til å høyra korleis du har det, kva du heiter og kvar du er frå.

Gunnhild si oppfordring til medstudentar som vurderer utveksling i Ghana er klar:

- La stillongsen, brunosten og U. Phil bli igjen heime, og bruk eit halvt år på å bli kjent med et fantastisk land og mange fantastiske menneske!

 

Helen på SOAS i London

Helen Gjærde valte School of Oriental and African Studies (SOAS) i London. Det samfunnsvitskaplege fakultet inngjekk i år ein Erasmusavtale med School of Oriental and African Studies (SOAS) i London. Helen og søstera Ingunn Gjærde, som til vanleg medievitskap ved UiB, er dei første studentane som reiser på denne avtalen.

- På SOAS lærer ein masse, og emna ein jobbar med er svært interessante. Eg har blitt kjend med mange nye folk, og synest det er trist at eg berre skal vera her til jul, rapporterer ein fornøgd utvekslingsstudent.

Det at SOAS ligg midt i London, er noko som er attraktivt i seg sjølv.

- London er ein kjempekjekk by, der det alltid er noko nytt å oppleva. Det å studera her er heilt fantastisk, og noko eg aldri hadde trudd eg kom til å gjera, fortel Helen.

I tillegg til den attraktive plasseringa midt i London er SOAS ein anerkjent utdanningsinstitusjon innanfor sine felt. SOAS spesialiserer seg mellom anna på økonomi, politikk, utvikling, språk og kultur i Afrika og Asia og er kjent som leiande i verda på desse områda.

- Nivået på både studentar og professorar er svært høgt. Studentane er reflekterte og jobbar hardt.  Forelesarane er kjempeflinke, noko som gjer at eg gler meg til kvar forelesing. Dei stiller spørsmål, og får studentane til å engasjera seg, seier Helen.

I tillegg til forelesingane, er det fire seminar i veka. Gruppene er små slik at læringsutbytte skal vera best mogleg. Det blir lagt opp til diskusjon og studentane må lesa mange artiklar kvar veke for å setta seg skikkeleg inn i fagstoffet.

- På SOAS ser ein saker knytta til Asia og Afrika frå eit anna perspektiv enn det ein kanskje ville gjort på andre skular. Eg synest definitivt at opplegget på SOAS fører til at ein lærer svært mykje, seier Helen.

 

Internasjonalt studentmiljø

Halvparten av studentane på SOAS er frå utlandet, så her blir ein kjent med både folk og kulturar frå heile verda. Helen og Ingunn bur på skulen sitt område, noko som er praktisk då alle ein kjenner er samla på same staden.

SOAS er ein del av University of London som har mange studentorganisasjonar eller societies. Desse utgjer ein viktig del av det sosiale livet. Helen forklarar:

- Dette kan vera alt frå sport til strikking, og er ein fin måte å bli kjend med nye studentar på. Sjølv er eg med på SOAS sitt fotballag, og det er knallkjekt!

Helen er ikkje i tvil om å anbefala alle som kan til å reisa på utveksling. Det å reisa som Erasmusstudent er også gunstig økonomisk. Ein slepp å betala skulepengar, og får i tillegg stipend kvar månad.

Helen oppsummerer erfaringa si så lang slik:

- Til no har det vore ei heilt fantastisk oppleving. Her får eg minner for livet, og møter nye kjekke folk kvar dag.  London må jo vera den beste byen å studera i, og kan absolutt anbefalast!

 

Studiemuligheter i utlandet