Hjem
Institutt for geografi
Studietilbud

Nettbasert masterkurs om miljø og utvikling

Institutt for geografi tilbyr det nettbaserte kurset "Kritiske perspektiv på miljø og utvikling" i vårsemesteret 2013.

Kritiske perspektiv på miljø og utvikling

Emnet byggjer på forsking innan miljø og utvikling og legg opp til eit kritisk perspektiv på etablert kunnskap som har dominert bistand/utviklingsstrategiar. Myter og narrativ om tema som klimaendringar, avskoging, forørkning og erosjon blir analysert i lys av vitskapsteori der kunnskap blir sett på som sosiale konstruksjonar. Konvensjonell kunnskap om landdegradering blir utfordra i lys av ny økologi og politisk økologi. I samspelet mellom naturen og menneska er institusjonar, dvs. etablert sosial praksis, viktige. Institusjonar er viktige med omsyn til maktforhold i lokalsamfunn og ulike grupper sin tilgang til ressursar.

Kursperiode: 21. januar - 22. mars 2013
Undervisningsspråk: Engelsk
Studiepoeng: 10 ECTS
Opptakskrav: Bachelorgrad i geografi eller tilsvarande

 

Undervisningsmetode

Kurset er nettbasert og slik tilpassa studentar frå andre utdanningsinstitusjonar. Studentane sine skriftlege arbeid og tilbakemeldingar frå emneansvarleg og medstudentar er ein viktig del av kurset.


Sju tematiske forelesingar eller "Sessions" blir publisert på ein felles plattform saman med pensumliste knytta til kvart tema. Studentane skriv oppgåver tilknytta fire av desse i tillegg til diskusjongrupper på nett.

Les meir om emnet.

 

Målgrupper

  • Masterstudentar i geografi ved Universitetet i Bergen
  • Masterstudentar på andre program ved Universitetet i Bergen
  • Masterstudentar frå andre universitet og høgskular i Norge
  • Masterstudentar frå samarbeidsuniversitet i Nepal, Ghana and Peru

 

Registrering

  • Studentar ved UiB registrerer seg som vanleg via Studentweb innan 1. februar2013
  • Studentar frå andre utdanningsinstitusjonar i Norge søker status som hospitant innan 1. desember. Last ned søknadsskjema fra denne siden

 

Kontakt