Hjem
Institutt for geografi

Nytt kurs om planlegging og samfunn

Kurset er ope for mastergradsstudentar i geografi som har valt studieretninga Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging og det blir også tilbudd som kurs i etter- og vidareutdanningsprogrammet til UiB.

Opprettinga av det nye kurset i mastergraden i geografi er eit resultat av tilbakemelding frå delar av forvaltninga, ein sektor som blir arbeidsplass for mange nyutdanna geografar.

Emneansvarleg Knut Hidle fortel at kurset er oppretta dels som ein respons i forvaltninga og dels som eit ønske i fagmiljøet om å få fram geografifaget sin relevans innan viktige samfunnsspørsmål som tar for seg planlegging.

- Vi har også valt å opne kurset for dei som ynskjer å ta etter- og vidareutdanning for å styrke og oppdatere kompetansen i særlig offentlig sektor. Vi trur også at dette kan bidra til at vi får ei spennande samansatt studentgruppe med mange ferske studentar utan særlig yrkeserfaring samtidig som fleire vil kunne ha erfaring frå planlegging innan for eksempel kommune, fylke og stat, seier Knut Hidle.

 

Planlegging og samfunn

Studentane skal trenast i å forstå samfunnsplanlegging i lys av globalisering og kompleksitet forårsaka av samspelet mellom lokale og globale prosessar.

Med utgangspunkt i nyare planleggingsteori og gjennom døme frå samfunnsplanlegginga på ulike nivå og frå ulike sektorar får studentane innsikt i kva samfunnsplanlegging er og kva prosessar som gjer seg gjeldande. Det blir lagt særleg vekt på å forstå korleis nye former for planlegging, slik som "governance", entreprenørpolitikk, nabolagsstrategiar, stadsutvikling, nyregionalisme og "new urbanism" samspelar med politiske og ideologiske tilhøve, det økonomiske, det sosiale og materielle tilhøve. Byplanlegging, samferdsel, næringsplanlegging, planleggingsstrategiar for regional utvikling og stadsutvikling skal døftast nærmare.

- Det er viktig å forstå samanhengen mellom ulike globale prosessar og lokale, regionale og nasjonale grep innanfor samfunnsplanlegging på ein heilskapeleg måte, seier universitetetsstipendiat Kari Anne K. Drangsland som også er sterkt inne i undervisninga på kurset.

Drangsland og Hidle har også andre interne og eksterne ressursar med seg på forelesingsplanen og er klare for å ta fatt på det første semesteret med GEO328 Planlegging og samfunn på programmet.

 

Aktuelle lenker:

Informasjon om emnet: http://www.uib.no/emne/GEO328

Masterprogram i geografi: http://www.uib.no/studieprogram/MASV-GEOG

Etter- og vidareutdanningskurs: http://www.uib.no/kurs/GEO640-H.2011