Hjem
Institutt for geografi
Forskningsdagene 2012

Klima og menneske

Kva er eigentleg klimaendringar? Korleis verkar menneska inn på klimaet? Kva konsekvensar har klimaendringane for oss?

Håvard Juliussen og Torgeir Fiskum Hansvik klare til innsats på klimastasjonen.
Håvard Juliussen og Torgeir Fiskum Hansvik klare til innsats på klimastasjonen.

Hovedinnhold

Haustsola skin frå blå himmel over Bergen og på Festplassen er det rigga til store telt med ulike stasjonar frå utdanningsinstitusjonane og forskingsinstitutta i byen. Den menneskelege faktor er tema for årets forskingsfestival og Institutt for geografi deltar på standen «Klima og menneske».

Førsteamanuensis Håvard Juliussen ved Institutt for geografi har vore med i planleggingsgruppa på SV-fakultetet, og saman med Erla Løvseth ved Institutt for samanliknande politikk har han hatt ansvar for å utvikla klimastasjonen. 

 

Klima-Quiz og etisk dilemma

På fredag var det eit yrande liv på standen. Elevar gjekk rundt for å finna svar på spørsmål om sjøisdekket i Arktis, fossile brennstoff, CO2-mengda i atmosfæren og fornybare energikjelder. Svara på spørsmåla kunne dei finna på oppslag på stasjonen.

- Det var god stemning og stor interesse for quizen. På fredag deltok skuleklassar og på lørdag kom familiar og gjorde quizen saman. Dei som var med fekk klimadiplom for entusiastisk deltaking, fortel Håvard.

Ein anna populær post var ei tavle der besøkande skulle svara på eit dilemma knytt til klima. Kva ville du ha ofra for å veia opp for utslepp av 1.1 tonn CO2 ved flytur til Spania i ferien?

Dei aller fleste elevane svarte «Jeg dropper Spaniaturen». Nokre valte å kutta kjøtt i to år, mens veldig få ville ofra å ha smarttelefon eller nettbrett i ti år.

 

Modell for CO2- utslepp

Faggruppa for systemdynamikk ved Institutt for geografi har bidratt til klimastasjonen med ein modell for CO2-utslepp som blir vist på ein PC. Modellen viser kor mykje vi må reduserer CO2-utsleppa våre for at mengda CO2 i atmosfæren skal stabilisere seg.

Last ned din eigen klimamodell her:

Klimamodell for Windows

Klimamodell for Macintoch

 

Borekjerne med historiske spor

På bordet framfor Håvard Juliussen ligg ei borekjerne frå Folldal i øvre del av Glomma. I leirematerialet ser vi spor etter flaumar gjennom dei siste 10 000 åra.

- I løpet av denne tida kan ein sjå 114 storflaumar med 50 til 100-års gjentaksintervall, forklarar Håvard Juliussen.

Saman med Håvard Juliusssen på stand for geografimiljøet var stipendiat Henrik Løseth Jansen, masterstudent Torgeir Fiskum Hansvik og masterstudent Kristin Madsen Klokkeide.

Les meir om «Forskningsdagene i Bergen 2012»