Hjem
Institutt for geografi

Nytt kurs i miljøgeografi på masternivå

Hausten 2011 startar eit nytt kurs på masterstudiet i geografi: Geo 329 Miljøfag, naturforvaltning og planlegging. Studiet er eit særemne som kan inngå som eitt av to obligatoriske særemne i mastergrada i geografi.

Undervisninga går føre seg i form av førelesingar, seminar, feltopphald og rettleiing. Feltdelen av kurset er intensivt og går føre seg i veke 36, dvs. 5-9. september (måndag-fredag).

Kurset gir studentane metodisk og teoretisk skulering. I felten vil studentane arbeide med avgrensa problemstillingar innanfor tema som landskapskartlegging, naturforvaltning og konsekvensanalyse. Feltarbeidet vil gå føre seg i utvalde studieområde i Hardanger som blir brukt til kartlegging og analyse. Kurset vil gjere deltakarane metodisk og teoretisk førebudde til eit mastergradsstudium i miljøgeografi. Under feltdelen vil studentane arbeide med miljøgeografiske metodar og teknikkar, som flybilettolking, kartanalyse, bruk av GPS, vegetasjonsanalyse, naturtypekartlegging, miljøkonsekvensanalyse og/eller kulturlandskapsanalyse. Etter feltopphaldet skal studentane analysere data innsamla under feltarbeidet og skrive ei feltkursoppgåve.

Eitt av studieområda som vil bli brukt under feltkurset er Neshalvøya i Kvam herad. Garden Nes har fått fleire prisar for sin store kulturhistoriske verdi og korleis desse er tatt vare på og tilrettelagt for publikum, m.a. Olavsrosa frå Norsk kulturråd, Fylkesmannen i Hordaland sin kulturlandskapspris og Kvam herad sin kulturpris. Då Fjellstrand verft søkte om å få etablere eit skipsverft i området skapte dette stor og langvarig strid, som blei avgjort av Regjeringa. Skipsverftet fekk til slutt ja til utbygging, men pga. sviktande økonomi blir det truleg likevel inga utbygging. Under feltkurset skal me undersøke natur- og landskapskvalitetar i området, korleis desse blir vektlagt i konsekvensutgreiingar og korleis konfliktar av denne typen blir handsama.

Meir informasjon om feltkurset kan fåast frå emneansvarleg Anders Lundberg eller studierettleiar Grethe Meling.

 

Aktuelle lenker:

GEO329 Miljøfag, naturforvaltning og planlegging

Masterprogram i geografi