Hjem
Institutt for geografi
Utveksling

Møteplass med fokus på utveksling

Lurer du på korleis det er å vera utvekslingsstudent? Medstudentar kan gi deg svar og inspirasjon på Students’ International Corner.

Studentane er klare til å bidra med sine erfaringar på Students'...
Studentane er klare til å bidra med sine erfaringar på Students' International Corner

Hovedinnhold

SV-fakultetet startar dette semesteret opp eit nytt tilbod for å auka interessa for utveksling. Students’ International Corner blir ein møteplass der studentar som har vore på utveksling står på stand og fortel om sine erfaringar med opphald og studiestader over heile verda.

 

Personleg erfaringsutveksling

Ideen kom frå dekan Knut Helland, som sjølv var på utveksling til Univeristy of Leicester i England som UiB-student. Han erfarte er nytten av internasjonal utveksling både fagleg og menneskeleg. Målsettinga med dette prosjektet er nettopp den personlege utvekslinga av erfaringar.

- Eg kjente nokon som hadde vore der og dette hjalp til både for interessa og førebuingane. Det at studentar som har vore ute deler kunnskap og erfaringar med studentar som vurderer å reisa på utveksling, fører gjerne til at terskelen for å ta steget ut blir lågare, samtidig som ein kan ta meir kvalifiserte val, seier dekan Knut Helland.

Internasjonal koordinator Eva Svensson tok ideen vidare til planleggingsfasa.

- Prosjektet skal vera eit supplement til andre informasjonskanalar om utveksling , som informasjonsmøter og nettsider. Her kan interesserte studentar snakka med andre studentar om sine utvekslingsopphald, fortel Eva Svensson.

No startar prosjektet opp med tre dagar i januar. Alle verdsdelar skal dekkast før søknadsfristen 1. februar. Det skjer i vrimlearelet på SV-fakultetet mellom kl. 11:00 og 14:00.

 

Europa og Nord-Amerika: Torsdag 17. januar

  • Universitetet i Mannheim, Tyskland: Joachim Wettergreen, AdmOrg
  • Freie Universität Berlin, Tyskland: Jarl Omestad, filmstudier
  • University of California, Berkeley, USA: Elisabeth Sandtorv, sosiologi
  • University of Ottawa, Kanada: Bjørnar Fjeldstad, informasjonsvitskap

 

Sør-Amerika og Afrika: Tirsdag 22. januar

  • Pontificia Universidad Católica del Ecuador (PUCE): Sara Skare, utviklingsstudier
  • University of Ghana: Gunhild Laxaa, geografi
  • University of Cape Town, Sør-Afrika: Vilde Thoresen Nord, SamPol

 

Asia og Oseania: Torsdag 24. januar

  • University of Atika, Japan: Marius Seim, informasjonsvitskap
  • Keimyung University, Korea: Lisa Halvorsen, informasjonsvitskap
  • University of Waikato, New Zealand: Thomas Jensen, filmstudier

 

Dekan Knut Helland oppfordrar studentar til å ta steget ut på eit utvekslingsopphald.

- Du ser tilværet på nye måtar og får inspirasjon og impulsar du ikkje ville fått heime. For å få topp uttelling er det nok viktig å førebu seg godt og ta kvalifiserte val, meiner dekanen.