Hjem
Institutt for geografi

Fagleg pedagogisk dag - Førsteamanuensis Jostein Bakke

Hovedinnhold

RASKE KLIMAENDRINGER - KVA KAN VI LÆRE FRÅ FORTIDA?

"The present is the key to the past" har vore ein læresetning for forskarar som freistar å forstå fortidas klimaendringar. No er det tid for å snu denne setninga då det syner seg at kunnskapen om fortidas klima kan nyttast til å seie noko om korleis framtida kan verta. Kunnskapen vår om framtida er basert på jordsystemmodellar der ein kan endre på ulike klimapådriv og såleis simulere for eksempel temperaturutviklinga hundre år framover. Frå fortida veit vi at klimaendringane kan vera svært raske utan at dei kan forklarast med til dømes endring i drivhusgassar. I førelesninga vil eit sentralt spørsmål vere korleis denne kunnskapen kan nyttast når vi diskuterer framtidsklimaet?.