Hjem
Institutt for geografi

God start på yrkeslivet som trainee

Berit Hansen fullførte mastergraden i geografi våren 2011 og tok steget ut i arbeidslivet som trainee i Meland kommune.

Hovedinnhold

Frå studiane er eg vand med å tenke tverrfagleg, og når eg jobbar med prosjekt kjem dette godt med fordi eg må ta stilling til mange ulike forhold som verkar inn på gjennomføringa av prosjektet.

I masteroppgåva skreiv ho om arbeid med næringsutvikling, og gjennom ein studie av det offentleg-private partnarskapet i Gulen og Masfjorden Utvikling AS såg ho på kva rolle den geografiske konteksten har i dette.

 

Omfattande søknadsprosess

På slutten av masterstudiet bestemte seg for å søke på ei stilling i Meland kommune som var utlyst gjennom Trainee Vest ved Karrieresenteret.  Dei søkte spesielt etter geografar og stillingsannonsa la opp til interessante arbeidsoppgåver. Ho hadde tidlegare deltatt på eit kurs i CV-skriving på Karrieresenteret og vart oppfordra til å søke.

- Det blir med ein gong interessant å søke når det står spesifisert at dei søker geografar. Det viste at kompetansen min var etterspurt, seier Berit Hansen.

Etter at søknaden var levert i mars vart Berit intervjua på telefon i april og fekk så tilsendt to evnetestar som ho skulle svare på. Den eine gjaldt IQ og den var om verbal evne. Ho kom gjennom dette nålauget også og vart innkalla på intervju i mai.

- Intervjuet var fire dagar før eg leverte inn masteroppgåva mi, så eg var stressa, men heldigvis gjekk det bra og veka etterpå fekk eg tilbod om stillinga, fortel Berit.

 

Tverrfaglege arbeidsoppgåver

Jobber er hovudsakleg med investeringsprosjekt på teknisk avdeling, det vil seie bygg- og anlegg, og omfattar vatn- og avlaupsanlegg og ulike bygg som skular og sjukeheimar. Ho arbeider også med trafikksikring og revisjon av trafikksikringsplanen til Meland kommune.

- I tillegg kjem eg ofte bort i ulike problemstillingar knytt til prosjekta som heng saman med plan, byggesak, landbruk, oppmåling og andre område innan kommunal forvaltning. Eg må altså jobbe tverrfaglig og tileigne meg kunnskap om mykje forskjellig for å utføre jobben. Dette gir veldig god erfaring, men er samtidig utfordrande fordi det er mykje å sette seg inn i, fortel Berit.

 

Geografi som relevant bakgrunn

Berit ser samanhengen mellom ein tverrfagleg jobb og geografi som eit fag med tverrfagleg fokus, og meiner det er ein nyttig bakgrunn å ha med seg.

- Frå studiane er eg vand med å tenke tverrfagleg, og når eg jobbar med prosjekt kjem dette godt med fordi eg må ta stilling til mange ulike forhold som verkar inn på gjennomføringa av prosjektet, slik som ulike interessentar, budsjett, regelverk, rådgjevarar, entreprenørar og topografi.

Anny Bastesen er kommunalsjef i Meland kommune, og fortel at dei har deltatt i programmet eit par år, men dette var første stillinga dei utlyste gjennom Trainee Vest. Det å nytte trainee-ordninga er ein del av kommunen sin rekrutteringsstrategi.  Ho var svært spent på korleis det kom til å gå, men erfaringane er udelt positive.

- Tilrettelegginga og oppfølginga frå Trainee Vest har vore flott. Trainee Vest har fokusert på aktuelle tema i kommunal samanheng, og Berit på si side har utført arbeidsoppgåvene på ein utmerka måte. Ho har ikkje minst hatt eit fagleg utgangspunkt som gjer at ho lett har tileigna seg den spesialkunnskapen som trengs for å arbeide med prosjekt i kommunen, seier Anny Bastesen.

 

Trainee Vest

Trainee Vest vart starta opp av Karrieresenteret ved Studentsamskipnaden i Bergen og skal bidra til å auka rekrutteringa av nyutdanna studentar frå utdanningsinstitusjonane i Bergen til bedrifter i Bergen. Dei som blir tilsett som trainee kjem inn i ei gruppe på ti som møtes til samlingar, kurs og studieturar gjennom heile året.

- Dette er ein fantastisk god moglegheit for nyutdanna innanfor alle fagfelt til å få ein god start på yrkeslivet. Trainee Vest er med i alle fasar av tilsettinga, og oppmuntrar bedriftene som er med til å tenke i vidare og vere opne for ulike fagbakgrunnar når dei skal tilsette nye medarbeidarar. På denne måten får bedriftene prøvd ut ein kompetanse dei ikkje kjenner, fortel prosjektleiar i Trainee Vest Eivind Olsvik.

Berit sine erfaringar med å ha ei traineestilling som første jobb er absolutt positive.

- Det er kjempebra å få god oppfølging, kurs og studieturar samtidig som jobben er spennande.  Mi erfaring er at bedriftene ynskjer å satse på deg og gir deg mange interessante arbeidsoppgåver. I tillegg har vi det sosiale, og samhaldet med dei andre traineane er ein fordel fordi vi kan diskutere ulike problemstillingar som oppstår og få støtte og råd av kvarandre, meiner Berit.

Anny Bastesen i Meland kommune er fornøgd med den måten ein trainee blir opplært i ein ny jobb. Noko kunnskap har blitt formidla internt, men mykje har ho også fått gjennom eit kursprogram der dei har plukka ut bestemte tema som ein prosjektansvarleg må handtere.

- I tilsettingsprosessen tok kommunen del i eit siste intervju, som var viktig for å velje den med dei rette personlege eigenskapane – og der traff vi blink med Berit. Ho er verkeleg ein positiv ressurs i arbeidsmiljøet. Mi erfaring er at dette programmet gjer nyutdanna i stand til å ta ansvar for større oppgåver raskare enn ved ordinær tilsetting, meiner kommunalsjefen i Meland kommune.

Stillinga som trainee går ut i august, og då går Berit over i ei ordinær stilling på teknisk avdeling. Ho vil arbeide med det same som i trainee-perioden.

 

Relevante studieprogram: