Hjem
Institutt for geografi

Information Management Engineer i Schlumberger

Odd Inge Thorkildsen avslutta mastergraden i geografi våren 2010 og jobbar i dag som som Information Management Engineer i Schlumberger.

Olje- og gassindustrien er svært avhengig av kompetanse innafor GIS, då det meste av data for selskapa ikkje har noko verdi uten korrekt posisjon. I alle ledd av industrien vært det nytta GIS-verktøy, så denne kunnskapen er svært verdsatt.

Kvifor valte du å studera geografi ved UiB?

Det var litt tilfeldig at eg byrja å studere geografi. Eg var svært usikker på kva eg ville, og tenkte difor å berre komme i gong. Etter å ha gjennomført første året ved institutt for Geografi, trivdes eg så godt, at det var aldri eit spørsmål om å bytte til noko anna, og sidan vart det naturgeografi i totalt fem år. Bacheloroppgåva mi skreiv eg på og om Nigardsbreen si utbreiing frå “Lille Istid” og framover, noko som vart til gjennom eit hektisk feltkurs i området.

Mastergraden tok eg også i naturgeografi, denne gongen ein kombinasjon av teknologi og klimarelatert problemstilling gjennom “Bruken av georadar som metode innanfor kvartærgeologiske studiar og undersøking av torvområde i Æråsdalen, Andøya”. Dette gjekk ut på å bruke denne teknologien til å seie noko om korleis isen hadde lagt i dette området, for å seie noko om klimaet tilbake i tid.

Det beste for meg, i mi studietid ved geografi, var ein kombinasjon av svært godt samhold mellom studentane og mykje “utetid” gjennom feltarbeid. Sida instituttet er såpass lite, vart det knytta nære bånd med studievenner, noko som gjorde både studietida og fritida i Bergen svært kjekk. Også det faktum at ein kjem seg vekk frå lesesalen, og ut for å sjå ting i praksis, gjorde sitt til at trivselen var svært høg.

 

Kva går jobben din i Schlumberger ut på?

I dag jobbar eg som Information Management Engineer i Schlumberger. Schlumberger er verdast største oljeserviceselskap, og i mi avdeling, Schlumberger Information Solutions, bidrar vi med programvare, informasjonsbehandling, IT-infrastruktur og service til olje- og gassindustrien. Min jobb består i hovudsak av kvalitetssikring av seismikk og brønndata.

 

Korleis er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?

Nøkkelorda når det gjeld kvifor mi utanning er relevant for meg i arbeidslivet er Nøyaktighet og GIS. Olje- og gassindustrien er svært avhengig av kompetanse innafor GIS, då det meste av data for selskapa ikkje har noko verdi uten korrekt posisjon. I alle ledd av industrien vært det nytta GIS-verktøy, så denne kunnskapen er svært verdsatt. Nøyaktighet må nevnast då olje og gass industrien også er svært avhengig av nøyaktig data, både når det gjeld koordinatar, høgde, djup, tid osv. Dette er eigenskapar ein også tileignar seg gjennom eit masterarbeid i geografi, då det, iallefall i mitt masterarbeid var svært viktig for resultatet å ha nøyaktige data.

 

Relevante studieprogram: