Hjem
Institutt for geografi

Sondre Haugen

Temaet for mi masteroppgåve er entreprenørskap og regional utvikling i Nordhordland.

Hovedinnhold

Gjennom studiar i geografi, økonomi og historie på bachelornivå, fatta eg interesse for geografiske variasjonar av verdiskapande aktivitet og levekår. Som student på masterprogrammet i geografi har eg fått høve til å fordjupe meg i dette temaet på fleire

Masterprogrammet er retta mot arbeidet med sjølve masteroppgåva alt frå fyrste semester. Ti studiepoeng kvart semester fyrste året, faget «GEO 310 Skrivekurs og prosjektskisse» på hausten og «GEO 309 Semesteroppgåve» på våren, tek form av konkret arbeid med sjølve masteroppgåva. Lesestoffet på desse faga vel ein i samråd med rettleier ut med omsyn til relevansen for masteroppgåva og eigen interesse, og innleveringane fungerer som ledd i utviklinga av oppgåva. Elles består fyrste året av fag innanfor vitskapsteori og metode som gjer ein betre egna til å gjennomføre eit masterprosjekt, samt akademiske fag innafor økonomisk geografi og planlegging. 

Masterprosjektet mitt er ein analyse av regionen Nordhordland sine vilkår for næringsutvikling. Temaet er vald i samråd med min rettleiar Grete Rusten, og undervegs i masterprosjektet har eg samarbeida med fleire aktørar som jobbar med næringsutvikling i regionen. Å kunne dra nytte av kunnskapen til desse har vore svært nyttig for mitt arbeid. I arbeidet nyttar eg kvantitativ metode for å finne omfanget av nyetablerte føretak i Nordhordland, samanlikna med andre regionar i Noreg. Eg undersøkjer òg kva betyding dei nye føretaka har for sysselsetjing og næringssutviklinga i regionen. I tillegg er masterprosjektet basert på ca. 10 casestudiar av føretak etablerte i Nordhordland i perioden etter 2004. Gjennom intervju med entreprenørane som etablerte føretaka har eg fått innsikt i deira erfaringar knytt til etablering og utvikling av føretak i regionen. 


Rettleiar: Grete Rusten