Hjem
Institutt for geografi

Forskar på Høgskolen i Bergen

Rune Njøs fullførte mastergraden i geografi våren 2012, og jobbar i dag som forskar ved Senter for nyskaping på Høgskolen i Bergen.

Hovedinnhold

Eg har fått god bruk for det eg har lært av både teori og empiri frå studiet mitt. Geografi er eit breitt fag, og ein får god kompetanse til å setje seg inn i nye ting og sjå ting frå nye perspektiv.

Av: Hanne Kvilhaugsvik

Kan du fortelje litt om arbeidet ditt som forskar ved Senter for nyskaping? Kva består arbeidet ditt av? Kva er dine konkrete arbeidsoppgåver?

Senter for nyskaping er eit forskings- og kompetansesenter innan innovasjon og entreprenørskap. Vi driv med forsking , undervisning om og tilrettelegging for innovasjon og entreprenørskap (til dømes har vi driftsansvar for Nyskapingsparken Inkubator, ulike tiltak for entreprenørskap blant studentar og vi jobbar med å kople forsking og utdanning med bedrifter). Det er altså eit litt annleis forskingssenter; vi ser dei tre hovudaktivitetane våre i samanheng. Som forskar ved senteret arbeider eg mellom anna med å skrive rapportar, paper og artiklar, og å presentere på konferansar i inn- og utland. Eg har hovudsakleg jobba med ulike innovasjonscase, næringsklynger og relasjonar mellom forsking og utdanning og næringsliv. Til dømes er sistnemnde problemstilling sentral for å auke innovasjonsaktiviteten i næringslivet, men det er veldig krevjande å få slike koplingar til å fungere.

 

Kva er det beste med jobben din – og det mest utfordrande?

Det beste er nok det at dette er eit litt annleis forskingssenter, eg synst det er fint at vi ikkje arbeider berre med forsking. Det vi arbeider med blir brukt, det er relevant og det er aktuelt for omverda. Det utfordrande er kanskje det akademiske – det er eit komplekst system og ei eiga verd ein må komme inn i. Men ein kjem inn i det etter kvart!

 

På kva måte er utdanninga di relevant for arbeidslivet?

Utdanninga mi er veldig relevant for det eg arbeider med no. Eg skreiv masteroppgåve om næringsklyngene NCE Subsea og NCE Maritime og korleis internasjonalisering påverkar bedriftene og klyngene. I tillegg var det ein god del innovasjonsteori inne i dette. Eg har fått god bruk for det eg har lært av både teori og empiri frå studiet mitt. Geografi er eit breitt fag, og ein får god kompetanse til å setje seg inn i nye ting og sjå ting frå nye perspektiv. Dette er til nytte for det eg arbeider med no, for det er eit samansett arbeidsfelt.

 

Kva var din første jobb etter fullført utdanning? Korleis opplevde du overgangen frå studiar til arbeidsliv?

Eg byrja i denne stillinga etter at eg hadde levert masteroppgåva mi. Det er nok først når ein byrjar å jobbe at ein ser kva ein faktisk kan brukast til. Det var ein overgang at det blir stilt litt andre krav i arbeidslivet enn på studiane, nivået er høgare og ein må levere. Samstundes er det mykje som er likt, som det at eg styrer mykje sjølv i arbeidet mitt.

 

Kvifor valde du å studera geografi ved UiB?

Det eg liker med geografi er at det er så samansett – ting er komplekse og på studiet lærer ein seg å sjå ting frå ulike vinklar. Det inngår vinklingar frå til dømes økonomi og sosiologi i studiet, og eg tok fag i administrasjon og organisasjonsvitskap i tillegg. Frå geografi får ein brei kunnskap og kan arbeide både i offentleg og privat sektor. Men ein må også klare å kommunisere kva ein kan når ein er ferdig utdanna og skal søkje jobb; ein må selje seg inn.

 

Kva var det beste med studietida ved UiB?

Det beste var det å bli kjent med kjekke folk, både på og utanfor UiB. Gjennom studiet var vi  mellom anna på feltkurs i Sogndal, noko som var veldig sosialt og lærerikt. Det at ein er ute på slike feltkurs gjer at ein får praksis undervegs i studietida, ein ser at ting er fletta saman og lærer seg å omsetje teori og praksis. I tillegg er Bergen ein herleg by som byr på langt meir enn studering og teori.