Hjem
Institutt for geografi

Planleggjar/naturgeograf i Opus Bergen AS

Torgeir Fiskum Hansvik fullførte mastergraden i geografi våren 2013, og jobbar i dag som planleggjar/naturgeograf i Opus Bergen AS.

Hovedinnhold

Geografar er særdeles godt eigna til å bli planleggjarar! I løpet av studiet har eg tatt fag knytt til arealplanlegging gjennom samfunnsgeografi og økonomisk geografi.

Av: Hanne Kvilhaugsvik

Kan du fortelje litt om arbeidet ditt som planleggjar ved Opus Bergen AS? Kva består arbeidet ditt av? Kva er dine konkrete arbeidsoppgåver?

Opus står for Offentlig - Privat - Utvikling – Samarbeid og er eit konsulentfirma som driv med arealplanlegging. Vi arbeider både med dei formelle arealplanane, og med rådgiving knytt til eigedomsutvikling. Opus Bergen utarbeider planar for ulike aktørar, frå dei største entreprenørane i landet til einskildpersoner.

Eg arbeider mellom anna med å teikne kart, og gjere romlege analysar, som er ein viktig del av alle arealplanar. Eg er firmaet sin fagperson på skred, så det er også nokre arbeidsoppgåver knytt til det, t.d risiko- og sårbarheitsanalyse. Det er ein veldig prosjektorientert jobb, og me arbeider både med område i Hordaland og t.d. hytteområde på fjellet.

Kva er det beste med jobben din – og det mest utfordrande?

Eg liker veldig godt variasjonen i arbeidet, det er ein veldig prosjektorientert og tverrfagleg jobb.

Det som er mest utfordrande er å setje seg inn i det enorme regelverket. Det er så mange lover, reglar og rettleiarar til dei ulike lovene som ein skal ta omsyn til. Det tar litt tid å lære seg.  I tillegg er programvaren eg bruker i arbeidet mitt ny for meg. Geografiske informasjonssystem (GIS) er sentralt i utdanninga mi, men programvaren eg bruker på jobb no er ny for meg. Det er ein litt annan måte å tenkja kart på.

På kva måte er utdanninga di relevant for arbeidslivet?

Geografar er særdeles godt eigna til å bli planleggjarar! I løpet av studiet har eg tatt fag knytt til arealplanlegging gjennom samfunnsgeografi og økonomisk geografi. Eg gjekk etter kvart over til naturgeografi. I arbeidet mitt har eg eigentleg bruk for alt eg lærte meg i løpet av studiet. Kartprogramvaren me nytta får eg også bruk for, det brukte eg aktivt i masteroppgåva mi og eg var også undervisningsassistent innanfor dette. Masteroppgåva mi handla om skred, og eg ville skrive ei matnyttig masteroppgåve. No vil eg knyte skredkompetansen opp mot arealplanlegging.

Er dette din første jobb etter enda utdanning? Korleis opplevde du overgangen frå studiar til arbeidsliv?

Ja, det er det. Eg byrja med å arbeide i 20 % stilling i januar, før eg hadde levert masteroppgåva mi. Så byrja eg i full stilling etter at eg var ferdig utdanna. Eg hadde heldigvis litt ferie imellom også! Vi var ein gjeng som var veldig frampå: vi gjekk på kurs om jobbsøking og sendt inn søknadar tidleg. Det var fleire som fekk seg jobb før dei hadde levert masteroppgåva si, men det handla kanskje om litt flaks i tillegg til at vi byrja tidleg. Overgangen til arbeidslivet synst eg eigentleg har gått ganske greitt.

Kvifor valte du å studera geografi ved UiB?

Eg har alltid vore klar på at eg skulle ha ein mastergrad, og så synst eg at det er kjekt med naturgeografi. Eg liker å gå på tur og å reisa, og det passer godt med geografi. Vi er på feltkurs og kan vere mykje utandørs. I geografi kan ein arbeide innanfor ulike retningar; då eg gjekk på master var vi ikkje så mange studentar på naturgeografi, men no er det blitt fleire. Det er også mange som arbeider med liknande tema som oss på geologi, så det er mykje samarbeid mellom desse miljøa.

Viss du legg godviljen til, så kan ein seia at alt er geografi! Eg trivst i Bergen og eg synst det var fint å studere geografi her. I Bergen og elles på Vestlandet er det utfordringar knytt til skred, klima og flom. I tillegg er det samfunnsgeografiske utfordringar: befolkningsvekst, press, og endringane det fører til i strukturane. Det er lett å sjå at geografi er anvendeleg her.

Kva var det beste med studietida ved UiB?

Noko av det beste var det å styre dagen akkurat som ein sjølv vil. Å vere sin eigen sjef. Då me kom til arbeidet med masteroppgåva var det veldig godt med fridom etter mange år med obligatoriske fag. Som masterstudent må du vere disiplinert og du må ha ein idé. I tillegg er det sosiale heilt fantastisk. Det var masse artig på fritida òg, på studiet var det idrettstilbod og folk gjekk på quiz saman. Dei fleste på geografi er glad i å vere utandørs; sjølv dreiv eg med klatring og squash på fritida.

På master var eg òg på utveksling til Svalbard i to månader, der tok eg et kurs om permafrost. Det var veldig kjekt, det faglege opplegget der er i verdsklasse. Det var mykje feltarbeid, me var mellom anna på dagsturar med snøskuter for å sjå på permafrostfenomen og ta prøver. På geografi er det mange som reiser på utveksling i løpet av studiet.