Hjem
Geofysisk institutt

Masterprogram i energi - Ein del av det grøne skiftet

Vanessa Cristal Salvador Eide gjekk på Masterprogram i energi med temaet Elkraftteknikk då ho blei tilsett som trainee i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE). I masteroppgåva på 60 studiepoeng fekk ho velje tema som synliggjorde hennar interesse for dagens problemstillingar som utfordrar samfunnet vårt.

Lærerike forelesingar og arbeidsoppgåver vil gje deg den kunnskapen næringslivet har behov for og er på jakt etter. Så, gjer deg klar til morgonsdagens utfordringar og vel Masterprogram i energi!

- Eg er tilsett som trainee innan IKT og digitalisering i konsernet Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) på Sandane. Der arbeider eg tett opp mot alle dei tre verksemdsområda produksjon, nett og kraftsal. Dei ulike selskapa i konsernet har fleire store forskings- og utviklingsarbeid knytt til digitalisering. Dei fleste samlar eller produserer store mengder data, og ein vil no skape meirverdi ut av denne datamengda for brukarar og leiing i SFE. Som trainee på IKT-utvikling arbeider eg aktivt opp mot desse prosjekta, og hjelper fagmiljøa våre til å nytte innsamla data meir aktivt gjennom analyse, visualisering og presentasjon av informasjon, mønster og trendar i interne og eksterne data.

- Som ferdig utdanna gjennom Masterprogrammet i energi fekk eg kompetansen som trengs for å bli ettertrakta i ulike delar av næringslivet, i dette tilfellet energisektoren. SFE var på jakt etter medarbeidar til IKT og digitaliseringsavdelinga med kompetanse innan energiteknologi og elkraftteknikk, og som kan forstå behova innan dei ulike verksemdsområda. Med riktig utdanning og jobberfaring lagt til grunn fekk eg stillinga og dermed moglegheita til å bidra i det grøne skiftet gjennom utvikling i konsernet.

Fekk jobb undervegs i studiet på Masterprogram i energi
- Eg var i utdanningsløp mot master i energi då eg blei eg tilsett som trainee i SFE-konsernet på Sandane. Med studie innan realfag og teknologi kan ein jobbe med nesten kva som helst, avhengig av interesse og kva for fag ein vel undervegs. Eg hadde ikkje jobba noko med digitalisering og IKT-utvikling før eg begynte som trainee. Men med relevant bakgrunn innan kraftbransjen, og interesse for fagområdet, gav SFE meg moglegheit til å vere med å bidra i den digitaliserte utviklinga i selskapet.

Det grøne skiftet
- Val av tema i masteroppgåva synleggjer min interesse for dagens problemstillingar som utfordrar samfunnet vårt. Ny teknologiutvikling vil forbetre måtane vi arbeider saman på, og vil vere ein av nøklane til det grøne skiftet. Næringslivet er her, slik eg ser det, ei sentral kraft til endring.

- Eg hadde høyrt at Universitet i Bergen har dyktige forelesarar og at det der blir undervist teoretisk ut frå praktisk kunnskap frå relevant erfaring i dei ulike fagområda. Dette var noko som høyrdest spennande ut, og eg såg fram til å få kjennskap til vitskaplege arbeidsmåtar og å få utvikle meg både fagleg og personleg.

- For at Norge skal nå sine ambisiøse klimamål, vil det mellom anna krevje omstilling i kraftnettet. Dagens kraftnett er for svakt til å møte utfordringar i framtida, og det vil vere behov for betydeleg kunnskap for å utvikle nye energiteknologiske løysingar. Difor tenkte eg at dette studiet var perfekt for meg.

Morgondagens utfordringar - Vel masterprogram i energi! 
- Behovet for ingeniørkompetanse er stort både i små og store bedrifter. Det tyder på at bedriftene har eit lenger perspektiv på kompetanse enn berre det dei treng i dag. Dette er ei utfordring og ein moglegheit for deg som student til å velje eit studieprogram som gjer deg i stand til å gje eit viktig bidrag til det grøne skiftet.

- Som ny masterstudent i energi vil du oppleve mykje gøy både sosialt og i studiesamanheng. Lærerike forelesingar og arbeidsoppgåver vil gje deg den kunnskapen næringslivet har behov for og er på jakt etter. Så, gjer deg klar til morgonsdagens utfordringar og vel Masterprogram i energi!