Hjem

Geofysisk institutt

Søker instituttleiar

Instituttleiar ved Geofysisk institutt - åremålsstilling

Ved Geofysisk institutt er det med verknad frå 15. august 2019 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar.

Geofysisk institutt - tårnet en vinterkveld
Geofysisk institutt - tårnet en vinterkveld
Foto:
Ellen Viste

Geofysisk institutt er eitt av sju institutt under Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Fakultetet bidrar til ny og grunnleggjande vitskapeleg innsikt og til ei god framtid for menneske, miljø og samfunn. Fakultetet sine strategisk satsingar er marin, klima og energi, og Geofysisk institutt speler ei sentral rolle i desse.