Nye klimaprosjekt
Forskningsrådet tildelte midlar frå NORKLIMA-programmet den 19. juni. Totalt fekk 13 søknadar tildeling. Av desse er 5 prosjekt koordinert av tilsette frå Geofysisk institutt
Hovedinnhold
Av dei 5 prosjekta er Christoph Heinze prosjektleiar for det største prosjektet (tildeling på omlag 50 millionar):
Earth system modelling of climate Variations in the Anthropocene (EVA).
I tillegg fekk følgjande prosjekt tildelt midlar (prosjektleiar i parentes):
- Subpolar North Atlantic Climate States (SNACS) (Are Olsen)
- On Thin Ice: Role of Ocean Heat Flux in Sea Ice Melt (NICE) (Ilker Fer)
- NORthern constraints on the Atlantic ThermoHaline circulation (Tor Eldevik)
- Enhancing seasonal-to-decadal Prediction Of Climate for the North Atlantic Sector and Arctic (Noel Keenlyside)
To av prosjektleiarane er tilknytt Senter for klimadynamikk (SKD).
Vidare fekk Institutt for geovitenskap finansiert eit prosjekt, og UNI Research fekk finansiert 3 prosjekt, så totalt er 9 av 13 prosjekt i denne tildelinga koordinert frå Bergen. Dermed gjekk over 100 av dei 160 utlyste klimamillionane til Bergen.
Sjå også andre nyhetsoppslag her:
Forskingsrådet, Bergens Tidende, UiB, På Høyden