Hjem
Griegakademiet – Institutt for musikk

Kvedarseminar 2010 - Bergen 10.-12. september

Nu rinder solen op - Folketradisjonen i salmesongen - salmen i folkesongtradisjonen I samarbeid med Arne Bjørndals samling og Griegakademiet - Institutt for musikk, Universitetet i Bergen, Sandviken kirke og Kvedargruppa i Bergen, skipar Norsk Kvedarforum Kvedarseminar 2010 om salmesong i norsk tradisjon.

Hovedinnhold

Seminaret tek sikte på å belyse forholdet mellom folkeleg og kyrkjeleg salmesong, og korleis dei har inspirert kvarandre sjølv om dei har ulike musikalske uttrykk og representerer to ulike musikkulturar.
Auka kunnskap har i nyare tid skapt større forståing og respekt mellom dei to kulturuttrykka.

I songillustrerte innlegg, konsertar, kurs og folkesongmesse vil vi ta for oss folkeleg salmesong frå ulike distrikt, vise døme på kunstnarleg bearbeiding og pedagogisk formidling av denne typen tradisjonsstoff.

I tillegg til kvedarar / folkesongarar rettar seminaret seg mot alle som har interesse for salmesongtradisjonar, men spesifikt mot målgrupper som musikkstudentar, -lærarar, kyrkjemusikarar og vanlege kyrkjegjengarar.

Påmeldingsfrist: 15. august

Frå programmet:

Fredag 10. september kl. 1900 Schøtstuene:
Intimkonsert: Bodil Haug-Eirin Røykenes-Hilde Kristin Gjerstad

Laurdag 11. september kl 0930-1630 Griegakademiet-Institutt for musikk:
Seminar: Sigbjørn Apeland-Henrik Ødegaard-Ingrid Gjertsen-Åge Haavik Songverkstad/kurs

Laurdag 11. september kl. 1900 Sandvikskirken:
Konsert: Sondre Bratland-Sigbjørn Apeland

Sundag 12. september kl. 1100 Sandvikskirken: Folkesongmesse
Musikk av Henrik Ødegaard-Solosong Halvor Håkanes

 

For meir informasjon, sjå Norsk Kvedarforums nettside