Hjem
Griegakademiet – Institutt for musikk

Reiser med musikken

– Det å bli ein sjølvstendig musikar og songar er hovudmålet med eit utøvande musikkstudium.

Eg lever ein spennande og variert kvardag, ja, eg lever draumen.

Arne Pareli har valt å dele jobben sin i to.

Han jobbar 60% som freelance musikar. I den jobben reiser han mykje rundt omkring i inn- og utland og held konsertar og opptrer.

– Eg får oppleve veldig mykje, møter mange spennande menneske og musikarar, og får framført mye spennande musikk. Det er rett og slett draumejobben.

I den andre delen av jobben er han tilsett i 40% stilling som songevangelist i  Indremisjonsforbundet.

– Då reiser eg rundt i kyrkjer og bedehus og deltar på møter med song og musikk. Av og til har eg møteveker der eg både talar og syng, anten aleine eller saman med andre. Det er ein veldig gjevande del av jobblivet mitt. Her får eg utløp for både mine musikalske evner og trua mi.

– Utdanninga mi er relevant for båe arbeidsområda mine. Som frilansmusikar gir det meg både fagleg tyngde og integritet å ha ei utdanning frå Griegakademiet bak meg. Samstundes lærte eg mykje om teknikk og teori, men også om det å leve som musikar.

Då hjelp det å ha ein professor som veit kva det innebér, og kan gje gode tips og råd under utdanninga.

Målet er nådd

– Det å bli ein sjølvstendig musikar og songar er jo hovudmålet med eit utøvande studium.

Som songevangelist er han også oppteken av å bringe kvalitet og profesjonalitet inn i det religiøse samfunnslivet.

– Det er godt å ha ei utdanning som gir den tryggleiken og individualiteten ein treng for å skape noko eige og gi musikken sitt personlege preg.

Samstundes er Arne glad for å kunne foreina det mange refererer til som «høgkultur» med det folkelege.

– Det er spennande å ta det beste frå to verder og sjå kva ein får ut av det. Eg har opplevd at det absolutt ikkje er så store skilnader som mange vil ha det til.

– Eg lever ein spennande og variert kvardag, ja, eg lever draumen.