Hjem
Det humanistiske fakultet
UNG-ordninga

Elevar i vidaregåande får studere på UiB

– UNG-ordninga losar skuleelevar inn i universitetssystemet på ein måte som gjer at dei kjenner seg tryggare, seier førsteamanuensis i latin, Matti Wiik.

Studentar på Sydneshaugen skole
UNG-ORDNINGA: Skuleelevane får høve til å gjere seg kjende med omgjevnadene og treffe forelesarar og studentar.
Foto/ill.:
Emil W. Breistein

Matti Wiik hadde gleda av å undervise ein gjeng elevar frå vidaregåande skule i haust.

– Somme av elevane var heilt på høgd med dei flinkaste av dei vanlege studentane i sin kjennskap til lærestoffet, og innsatsen var god, fortel han. 

Det humanistiske fakultet har ei sterk satsing på samarbeid med skular, blant anna gjennom UNG-ordninga, der talentfulle elevar i vidaregåande får høve til å følje undervising og ta eksamen i utvalde emne ved UiB. Elevane får ekstra faglege utfordringar, i tillegg til eit innblikk i korleis det er å vere student.

Sterkt motiverte elevar

Elevane som deltok i undervisinga til Matti Wiik går til vanleg på St. Paul gymnas. Der har dei latin som programfag, og fekk tilbod om ekstra fordjuping gjennom studium ved UiB. Av dei 14 som tok eksamen fekk heile fem toppkarakteren A.

– Eg trur nok at den tette oppfølgjinga som lærar Lene Dåvøy gav elevane sine har vore avgjerande for å få såpass gode resultat. Dessutan er dei som tek eit fag som latin ofte sterkt motiverte og hardtarbeidande, seier Wiik.

– Gjennom UNG-ordninga kan universitetet og skulen hjelpa einannan til å fylla hol i undervisninga, meiner han.

Kvifor studere latin?

– Den viktigaste grunnen til å studere latin er at faget er interessant. Den romerske kulturen og litteraturen er både kjend og eksotisk på ei og same tid. Men det har òg stor nytteverdi. Fram til 1750 var latin det viktigaste sams språket i Vest-Europa og i dei område som vart koloniserte i den tidleg-moderne perioden, fortel Wiik.

Matti Wiik meiner latin knapt til å koma utanom dersom ein vil studere historie, litteratur eller religion i antikken og mellomalderen. Ein byrjar gjerne å studere latin og gresk etter å ha møtt antikken i andre fagfelt.

– Latin gjev òg godt oversyn over korleis eit språk fungerer – ikkje berre dei romanske språka. Kjennskap til latin gjev generelt god evne til å systematisera språk. Eg trur det er viktig at alle som skal ta språkfag, har godt oversyn over formalgrammatikk. Dersom ein kjenner til den språklege mekanikken, kan ein bruka meir tid og krefter på sjølve språket, hevdar han.

– Latin høver for alle. Det krev ikkje særskilde evner å studere det. Dei einaste krava er tolmod og interesse.