Hjem
Det humanistiske fakultet

Vil bli stilt krav til

– Det beste med å studere tysk er at eg får bryne meg på noko eg er interessert i og at eg får testa meg sjølv.

Hovedinnhold

Eg valde Bergen fordi staden var ny og spennande for meg.

Kvifor ville du ta master i tysk?
Fleire årsaker; tysk er artig, eg ville lære meir og så ville eg bli stilt krav til. I Tromsø er det ikkje krav om å skrive bacheloroppgåve for å oppnå bachelorgrada. Eg hadde lyst på den erfaringa det er å skrive eit lengre akademisk arbeid på tysk. Men først og fremst fordi eg ville lære meir. Og fordi eg ville ha meir kompetanse med tanke på at eg seinare vil jobbe som lærar i skulen.

Kvifor valde du Bergen?
Eg hadde valet mellom Bergen, Trondheim og Oslo, og var så heldig at eg kom inn alle tre stadar. Eg valde Bergen fordi staden var ny og spennande for meg. Men også fordi eg visste tidleg at eg ville skrive ei didaktisk oppgåve, og eg hadde vorte tipsa frå fagmiljøet i Tromsø om at ein sat på didaktisk kompetanse på tyskfaget i Bergen.

Kva er det beste med studiet ditt?
Det er så mange ting. Men det beste syns eg er at ein får bryne seg på noko ein er interessert i og ein får testa seg sjølv. På masteroppgåva får ein jo velje kva ein vil fordjupe seg i og då blir det jo noko ein sjølv finn spennande. Så sjølv om eg stressar no og snart skal levere, så gjer eg arbeidet med glede. Eg syns det er kjekt.

Kva skriv du om?
Eg skriv ei didaktisk oppgåve om noko som heiter Lesson study. Det er ein undervisingsmetode som handlar om samarbeid for undervising blant lærarar. Lærarane som brukar metoden forskar i fellesskap på eiga undervising og basert på forskinga tilpassar dei undervisinga for å gje betre læring for elevane. Lesson study er altså ein løysingsorientert didaktisk utviklingsmodell, og eg ser i mi oppgåve på om Lesson study har noko for seg i framandspråk-undervisinga (tysk) i norsk vidaregåande skule. Eg brukar kvalitative intervju og observasjon av lærarar og lærarstudentar som mitt materiale.

Kva er det mest utfordrande med å skrive masteroppgåve?
Det er å finne ein måte å strukturere seg på. Eg er veldig heldig, fordi rettleiaren min følgjer meg opp kvar einaste veke. Ho stiller krav til meg og har forventningar heile vegen, derfor blir det mykje lettare for meg å arbeide mot desse delmåla kvar veke – for eg vil jo levere det ho forventar av meg. Men den største utfordringa generelt er at du er din eigen herre og du tenkjer at du har god tid og så er det brått berre ein månad igjen. Eg ligg godt an no fordi det har vore stilt krav til meg heile vegen.

Får du tid til å vere aktiv ved sidan av studiet?
Eg passar på å gjere andre ting også. Eg er ikkje konstruert slik at eg greier å vere i masterbobla heile tida. Eg har mellom anna vore med i fagutvalet i tysk og vi masterstudentane møtest innimellom for å gi kvarandre tilbakemeldingar på arbeidet vi gjer. Sjølv om vi skal arbeide aleine er det veldig godt at vi har kvarandre og spørje om råd og tankar undervegs.

Eg er ganske streng med meg sjølv. Eg har avsett bestemt ei tid kvar dag til skrivetid. Når det er skrivetid er mobilen avslått og eg har ikkje internett-tilgang. Når eg jobbar slik får eg gjort det eg må gjere den dagen mykje fortare og eg kan då avsjå tid til andre aktivitetar.  Å få tid til å trene er viktig for meg i denne tida. No i det siste har eg jobba fast mellom 07.00 -14. 00. Det er ganske deilig å komme i gang før verda vaknar.