Hjem

Det humanistiske fakultet

forsking | digital kultur

Snakkande maskiner skal hjelpe pasientar

Kan snakkande maskiner gjere møte med helsevesenet betre? Vil pasientane oppleve slike maskiner som nyttige og vil dei ha tillit til dei? Dette er spørsmål Henning Skarbø, stipendiat i digital kultur, skal finne ut av.

Chatbot skal hjelpe pasienter
CHATBOT: Henning Skarbø skal finne ut om pasientar har tillit til informasjonen dei får frå samtaleagentar.

– Vi får ei stadig eldre befolkning, det blir fleire med livsstilssjukdommar, og talet på kronikarar vil fortsette å auke. På sikt vil talet på menneske som jobbar i helsevesenet vere for få til å følgje opp alle pasientane, seier Henning Skarbø.

Saman med programmerarar og helsepersonell frå Haukeland universitetssjukehus jobbar han med å utvikle ny teknologi som skal bidra til framtidas helsevesen. Dei skal undersøkje om maskinlæring og samtaleagentar med kunstig intelligens kan vere ei støtte i meistring av sjukdom og ved endring av levevaner. 

Eit alternativ til dr. Google

I eit treårig forskingsprosjekt skal dei gjere ei undersøking på menneske med irritabel tarmsyndrom (IBS). Desse pasientane er sterkt hemma av tilstanden dei har, det finst ingen kur, og dei er heilt avhengige av å lære seg teknikkar for å meistre plagene og å legge om dietten. 

– Pasientane har ofte eit stort informasjonsbehov, og tradisjonelle virkemiddel som konsultasjonar hjå legen eller kurs er ofte ikkje nok, ein gløymer mykje av det som blir sagt i det same ein går ut døra. Vi kan ikkje overlate resten til dr. Google, seier Skarbø.

Ved hjelp av innovativ teknologi skal pasientane få meir kunnskap om sjukdommen og lære mentale mestringsteknikkar for å få eit betre liv.

– Det finst ein diett som fungerer for mange pasientar med IBS og som gjer at plagene deira vert mindre. Men dietten er detaljrik og med det komplisert. Her kan teknologien være ei støtte. Vi jobbar med å utvikle ein samtalebasert app der ein kan stille spørsmål når ein vil, i butikken eller på restaurant, om kva ein kan ete eller innhaldet i maten. Appen gir svar omgåande, døgnet rundt, fortel han.  

Forskar på bruk og nytte av teknologien

– Ein samtaleagent, eller chatbot, som bygger på kunstig intelligens og maskinlæring kan levere tilpassa informasjon over tid. Det krev sjølvsagt at han bygger på kvalitetssikra og fagleg oppdatert kunnskap, men det krev også at vi forskar på bruken og nytta av teknologien, understrek Skarbø.

– Chatboten må trenast opp, og vi må legge inn mange variantar av ulike spørsmål. Klinikarane har laga spørsmål og svar, teknologane har programmert.

Parallelt med utviklinga av chatboten har Skarbø studert forskingsrapportar som allereie finst om samtaleagentar og har tatt for seg teoriar innan menneske-maskin kommunikasjon for å kunne bruke funna i arbeidet med å utvikle chatboten. 

– I Helse Vest har vi over 300 pasientar med irritabel tarmsyndrom som deltek på kurs ved lærings- og mestringssenteret, og alle har fått tilbod om å prøve ut chatboten i haust. Ved årsskiftet skal vi intervjue rundt 30 av pasientane der vi vil finne ut korleis dei har hatt nytte av chatboten og om dei hadde tillit til kunnskapen og meistringsteknikkane chatboten tilbydde.

Målet er å gje pasientane ei behandling dei føler seg trygge på og som gir ei oppfølging som gjer at dei skal kunne leve best mogleg med sjukdommen. 

I takt med politiske signal

– I tillegg til at språkteknologi og maskinlæring er inne i tida, passar prosjektet godt med dei politiske signala frå regjeringa. Helseminister Bent Høies slogan er «pasientenes helseteneste» der idealet er at inga beslutning vert teken utan involvering av pasientane. Pasientane sit i førarsetet, men dei må lærast opp og dei må settast i stand til å forstå helseinformasjonen som inngår, påpeikar Skarbø.

– Vi ønsker å tilpasse læringa, basert på maskinlæring, slik at når personen møter legen skal han vere så godt førebudd som mogleg til gode samval. Han skal ha mottatt opplæringa på eit så eigna tidspunkt som mogleg i læringsprosessen, slik at han er rusta til å ta stilling til vidare behandling og ulike val ein må ta. 

Resultata i prosjektet vil vere eit bidrag i arbeidet med å løyse utfordringar i samfunnshelsa, og funna vil kunne overførast til andre grupper med helseutfordringar og utvikling av nye samtaleagentar til desse. 

– Vi tek med oss det kulturelle og etiske perspektivet gjennom heile prosjektet og deler gjerne den kunnskapen og dei erfaringane vi får, seier Skarbø.