Hjem
Det humanistiske fakultet
allmøte

Allmøte: Presentasjon av nytt dekanat

Kandidatane til nytt dekanat, Camilla Brautaset og Ole Thomassen Hjortland, vil legge fram plattform, ambisjonar og strategi på eit digitalt allmøte 4. mai.

Studentar på Sydneshauge skole
ALLMØTE: Alle studentar og tilsette er velkomne på allmøte i samband med dekanvalet.

Hovedinnhold

Dekan og prodekan for forsking vert vald og føreslått parvis. Fristen for framlegg var 16. april. Valstyret fekk inn eitt forslag til dekanat for perioden 2021–2025. Forslaget blei godkjend i valstyremøte 16. april, medan det endelege valet vil skje i det avtroppande fakultetsstyret 11. mai.

Tysdag 4. mai vert det arrangert allmøte i samband med dekanvalet.

På møtet vil kandidatane fremme kandidaturet sitt ved å legge fram plattform, ambisjonar og strategi. Det blir også høve til å stille kandidatane spørsmål.

Camilla Brautaset stiller som dekan saman med Ole Thomassen Hjortland som prodekan for forsking. Svein Ivar Angell er tiltenkt rolla som visedekan for utdanning

Følg møtet på Zoom

Sjå også: Valg ved Det humanistiske fakultet våren 2021


Vel møtt!