Hjem
Det humanistiske fakultet
Arrangement

Kva er god undervisningskvalitet, sett frå HF?

Alle tilsette ved HF som er involverte i undervisning, både fagleg og administrativt, er inviterte til digitalt seminar tysdag 19. oktober.

Gruppearbeid
Korleis skjønar undervisarane ved Det humanistiske fakultet omgrepet «undervisningskvalitet»?
Foto/ill.:
Emil W. Breistein

Hovedinnhold

Undervisarar i høgare utdanningsinstitusjonar møter fleire og fleire forventningar om korleis dei bør skjøtta verksemda si. Dei møter høgare forventningar knytt til arbeidsrelevans og studentaktive læringsformer. På same vis er det etablert nye meriteringsordningar for undervisning og ikkje minst nye studiekvalitetssystem som styrer kvardagen i sektoren. Men korleis ser undervisarane sjølv på dette? Korleis skjønar undervisarane ved Det humanistiske fakultet omgrepet «undervisningskvalitet»?

Dette spørsmålet er utgangspunktet for ei intervjuundersøking blant undervisarar ved Det humanistiske fakultet. Undersøkinga har vorte gjennomført av ei arbeidsgruppe leia av professor Yngve Flo ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

Med dette inviterer Studiestyret ved HF til eit digitalt seminar der resultata frå undersøkinga skal presenterast. Lenke til møtet

Program

  • Yngve Flo, professor i historie: Kva er god undervisningskvalitet? Notat med nokre hovudfunn frå kartlegging blant tilsette på HF 
  • Kommentar ved Christine Hamm, professor i nordisk litteratur og meritert undervisar ved HF 
  • Spørsmål/ordskifte