Nettseminar
Norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning
Korleis kan ein skape insentiv til å bruke, utvikle og styrkje norsk fagspråk i høgare utdanning, særleg i samanheng med merittering og rekruttering? Finst det institusjonar som har prøvd ut dette i praksis? Og kva for endringar må ein gjere for å få dette til?
Norsk fagspråk tapar domene til engelsk, og regjeringa ynskjer å styrke norsk som fagspråk i akademia.
Foto/ill.:
Anagram
Hovedinnhold
19. november kl. 10–11 inviterer Fagspråksenteret, Språkrådet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til nettseminar om vektlegging av norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning.
Nettseminaret er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova (ekstern lenke) som tredde i kraft 1.8.2024, og handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia (ekstern lenke) som kom i 2023.
Program frå kl. 10.00
- Vidar Røeggen, seniorrådgjevar i Universitets- og høgskolerådet, om aktuelle reformar for vurdering av forsking og forskarar og tankar om korleis ein kan sjå for seg mogelegheita for å inkludere parallellspråkleg praksis ved tilsetjing og opprykksituasjonar.
- Mathilde Skoie, viserektor ved Universitetet i Oslo (UiO), om kva UiO gjer for å merittere arbeid med og bruk av norsk fagspråk og om dei legg vekt på dette i samband med rekruttering og opprykk.
- Verónica Pájaro, leiar av det språkpolitiske utvalet ved Universitetet i Agder (UiA), om kva UiA gjer for å merittere arbeid med og bruk av norsk fagspråk og i kva grad dei legg vekt på dette i samband med rekruttering og opprykk.
- Hilde Gunn Slottemo, nestleiar i Forskerforbundet, om i kva grad det er lagt til rette for merittering av ulike aktivitetar knytte til samfunnsoppdraget til universiteta og høgskulane og kva typar aktivitetar som burde gje utteljing i samband med merittering.
Frå ca. kl. 10.40
- Panelsamtale med mellom anna spørsmål frå publikum (det vil vere høve til å stille spørsmål i chatten undervegs).
Seminaret vil bli tolka på teiknspråk.
03.11.2025