Hjem
Det humanistiske fakultet

Kva er fulltidsstudium ved eit utanlandsk universitet?

Informasjon til studentar ved Det humanistiske fakultet.

Campus ved Universitetet i York
Utveksling gir innsikt i andre måter å tenke på. Du får faglig fordypning, du lærer språk, blir kjent med nye mennesker og får kjennskap til andre kulturer og samfunn.
Foto/ill.:
Universitetet i York

Hovedinnhold

For at semesteret ditt i utlandet skal bli godkjend som tilsvarande 30 studiepoeng i Noreg, må du velje kurs som til saman utgjer eit fulltidsstudium.  På lista over kurs ved det utanlandske universitetet finn du ut kor mange lokale poeng kvart kurs gir.

Studiepoengsystema er forskjellige frå land til land, og vi har derfor laga ei omrekningsliste frå utanlandske til norske studiepoeng for dei fleste av universiteta der studieprogramma HF-fakultetet har tilrettelagd utveksling.

Her kan du finne ut kor mange poeng du må ta for å få det godkjend som 30 norske studiepoeng:

Europa

Dei fleste landa i Europa nyttar ECTS-poeng. Desse tilsvarar norske studiepoeng, slik at 30  ECTS-poeng er lik 30 norske studiepoeng. Dersom eit universitet ikkje nyttar ECTS-poeng, har dei vanlegvis ein omrekningstabell som seier kor mange av deira poeng som tilsvarar ECTS-poeng. I Storbritannia gir mange universitet 60 lokale credits i semesteret, og dette gir 30 norske studiepoeng. I Danmark nyttar dei ofte årsverk: 1/2 årsverk gir såleis 30 norske studiepoeng.

Canada

McGill University   - 15 credits
Université de Montreal  - 15 credits
University of Alberta  - 15 credits
University of Waterloo - 15 credits

USA

Berkeley Univ. of California  - 15 credits/units
Montana State University  15 credits
North Park University - 15 credits

Vær obs på at kurs på førsteåret i USA (lokalt 100-nivå) ikkje alltid vert godkjend som studiepoeng i Noreg. Vel difor kurs på 200-nivå og høgre.

Mexico

Universidad Iberoamericana - 44 créditos
Guanajuato - 30 créditos

Vær obs på at kurs på førsteåret i Mexico normalt ikkje vert godkjend som studiepoeng i Noreg. Vel difor kurs frå andre året og høgre.

Chile

Universidad Católica de Chile: lavere grad (licenciatura): 50 créditos og master (magister): 30 créditos på førsteåret

Costa Rica

Universidad de Costa Rica: 15 créditos

Ecuador

Pontificia Universidad Católica: 20 créditos

Peru

Pontificia Universidad Católica: 15 créditos

Japan

Akita International University, Hokkaido University of Education, Keio University, Ritsumeikan Asian Pacific University, Ritsumeikan Beppu, Waseda University - 15 credits

Egypt

American University in Cairo - 15 credits

Vær obs på at kurs på førsteåret i Egypt normalt ikkje vert godkjend som studiepoeng i Noreg. Vel difor kurs frå andre året og høgre.

Sør-Afrika

University of Cape Town - 15 credits
(dvs 4 kurs per semester 1 år eller 3 kurs per semester 2. og 3. år i en bachelorgrad der)

Dersom du vil reise til andre universitet enn dei studieprogramma har tilrådd og treng å vite kva som er fulltidsstudier der, kan du ta kontakt med Det humanistiske fakultet, e-post studieveileder@hf.uib.no