Hjem
Det humanistiske fakultet

Klage på eksamen ved Det humanistiske fakultet

Får du eit resultat på ein skriftleg eksamen du meiner ikkje er riktig, har du rett til å klage på vurderinga som er gjort. Du kan også klage dersom du meiner det er gjort formelle feil under eksamen.

Skjema med skygge formet som UiB-logo
Du kan klage på eksamensresultatet eller formelle feil.
Foto/ill.:
Emil W. Breistein

Hovedinnhold

Klage på karakterfastsetting

Dersom du får eit resultat på ein skriftleg eksamen du meiner ikkje er riktig, har du rett til å klage på resultatet, jf. Universitets- og høyskolelova § 5.3. Vi tilrår at du først ber instituttet som har ansvaret for emnet om ei grunngjeving for resultatet (sjå under).

Korleis går eg fram for å klage?
Du melder frå om klagen i Studentweb. Gå til fana "Meir" og "Grunngjeving og klager" for å klage på karakter.

Grunngjeving

Du har rett til å få ei grunngjeving for karakterfastsettinga av dine prestasjonar (jf. Universitets- og høyskoleloven § 5). Ved munnleg eksamen, prøveforelesingar og konsertar, må kravet om ei slik grunngjeving bli sett fram umiddelbart etter at karakteren er gitt. Ved skriftlege eksamenar er fristen for å be om grunngjeving ei veke frå karakteren er kunngjort.

Merk at på masteroppgåva får du grunngiving for karakteren på oppgåva på munnleg eksamen. 

Korleis ber eg om grunngiving?
Du kan be om grunngjeving direkte i Studentweb. Gå til fana "Meir"  og "Grunngjeving og klager" og finn riktig emne.

Har du spørsmål om grunngjeving og klage kan du kontakte institutta direkte. Send e-posten til ei av desse e-postadressene:

Grunngjevinga skal normalt vere gitt innan to veker etter at du har bede om ho. I grunngjevinga skal sensor (ane) gjere greie for dei generelle prinsippa som er lagt til grunn for vurderinga. Grunngjevinga blir gitt munnleg eller skriftleg (anten e-post eller direkte i Uib sitt eksamenssystem) etter sensor sitt val.

Ny sensur

Eksamenssvaret blir vurdert på nytt av ein ny kommisjon med minst to sensorar, kor minst éin er ekstern. I samsvar med Universitets- og høyskolelova § 5-3 (4) blir den nye kommisjonen ikkje opplyst om den opphavlege karakteren, grunngjevinga frå den første kommisjonen, eller grunngjevinga di for å klage.

Karakteren kan vere uendra etter ny sensurering, men dersom han blir endra, kan han vere høgare eller lågare enn den opphavlege karakteren. Du kan ikkje klage på klageresultatet.

Det er ikkje mogeleg å klage på munnleg eksamen, prøveforelesning eller konsert (jf. Universitets- og høyskolelova § 5-3 (5)).

Saksbehandlingstid

Fordi klagekommisjonane behandlar mange klagesaker kvart semester, og fordi dei fleste klagene kjem i periodar med ferieavvikling, må du pårekne mellom 3 til 8 veker saksbehandlingstid. Når klaga er ferdig behandla får du melding på epost til student-epostadressa di om at resultatet er tilgjengeleg i Studentweb.

Dersom det gjeld eit emne med fleire eksamensdelar, må du registrere klage på riktig(e) del(ar) i Studentweb.

Dersom emnet det gjeld har justerande munnleg eksamen, vert det kun halde ny munnleg dersom den skriftlege karakteren vert endra.

Klage på formelle feil

Dersom du meiner det har blitt gjort formelle feil i samband med ein eksamen, har du rett til å klage på det,  jf. Universitets- og høyskolelova § 5.2.

Korleis klagar eg på formelle feil?
Du sender ein e-post til post@hf.uib.no der du grunngir klagen. Dersom du har klaga på formell feil, blir fristen rekna etter at du er, eller burde vere, kjent med dei forholda som ligg til grunn for klaga.