Hjem
Det humanistiske fakultet

Permisjon ved Det humanistiske fakultet

Skal du være borte frå studiet ditt, må du melde frå om eller søke permisjon.

To menn på lesesalen
Foto/ill.:
Emil Breistein

Du kan melde om permisjon inntil to semestre frå eit bachelorprogram utan å oppgi nokon grunn, eller du kan søke om permisjon med grunngjeving frå eit studieprogram av viktige velferdsgrunnar, som fødsel, avtjening av verneplikt eller dersom du har sentrale verv innan studentpolitikk.

Når du er i permisjon beheld du studieplassen din, men du skal verken betale semesteravgifta eller stadfeste utdanningsplanen din og difor heller ikkje ta eksamen. Du kan ikkje ha permisjon i mindre enn eitt semester.

Permisjon utan grunngjeving

Studentar på bachelorprogram kan ha inntil eitt års fråver utan å oppgi nokon grunn.

Kven kan ikkje melde om permisjon utan grunngjeving?
Dersom du er student på eit årsstudium eller eit masterprogram, kan du ikkje få permisjon utan grunngjeving. Då må du søke om permisjon med grunngjeving.

Viss du er hospitant, utvekslingsstudent frå eit utanlandsk universitet eller kandidat til særskilt eksamen, har du ikkje rett på permisjon frå studia dine.

Korleis søker eg?
Du melder om permisjon utan grunngjeving via nettskjema. Du finn det til høgre på sida.

Permisjon med grunngjeving

Bachelor og masterstudentar kan, etter UiBs reglement, få innvilga permisjon frå studiet for kortare eller lengre tid, dersom det er naudsynt pga. eigen sjukdom, ektefelles/ ektepartners/sambuars sjukdom, eigne barns sjukdom, ektefelles/ ektepartners/ sambuars barns sjukdom, tvungen verneplikt, omsorg for eigne barn i samband med fødsel eller adopsjon, tyngande verv i studentpolitiske organ og liknande, eller av andre viktige velferdsgrunnar.

For masterstudentar kan permisjon også gis av faglege omsyn. For informasjon om utviding av masterkontrakt eller andre forhold ved masterstudiet, sjå Rutinar for masterstudiet ved HF.

Studentar på årsstudium kan søke om permisjon frå studiet, men du må då gje ein grunngjeving for søknaden og leggje ved naudsynt dokumentasjon.

NB! Dersom det gjeld fødselspermisjon, kan Lånekassen krevje at du betaler semesteravgifta også for semestera du er i permisjon. Det må du sjølv avklare med Lånekassen og sei i frå til fakultetet på e-post.

Kven kan ikkje søke om permisjon med grunngjeving?
Dersom du er hospitant, utvekslingsstudent frå eit utanlandsk universitet eller kandidat til særskilt eksamen, har du ikkje rett på permisjon frå studia dine.

Korleis søker eg?
Du søker på eige skjema som du finn nedst på denne sida eller til høgre. Du kan levere søknaden på infosenteret ved HF, eller sende ei skanna og signert digital versjon på e-post til post@hf.uib.no. Hugs å legge ved den naudsynte dokumentasjonen.

Dersom du søker på grunnlag av sjukemelding midt i eit semester, søker du så fort råd er.