Hjem
Det humanistiske fakultet
News

Eit rikt studentliv

Det er ikkje berre tida ein brukar på lesesalen som er viktig når du er student, men òg kva ein kan gjere på fritida. Humanistisk studentutval (HSU) sørgjer for at det ikkje manglar tilbod.

to personar
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

Med eit myldrande studentliv, er det mykje ein kan ta seg til som student ved Det humanistiske fakultet. Engasjerte studentar sørgjer for eit studenttilbod både for dei som ønsker å engasjere seg og dei som er interesserte i ein god studiekvardag.

Til kjeldene: møtestaden Ad fontes

Staden der ein tydlegast møter studentlivet ved HF er på den studentdrivne pubkafeen Ad fontes, som tyder «til kjeldene» på latin. Den er open på dag- og kveldstid, har djupe sofaar, gratis kaffi, og byr på ei triveleg atmosfære. Tor Sivertsen Prestegard, leiaren av HSU, fortel at det er ein stad der du kan møte vener og ha det koseleg.

– Det er ein fin stad å lese, dersom ein taklar å ha pratande folk rundt seg. Det er mange på fakultetet som har lunsj og kollokviar her, fortel han.

Det er mykje arrangement på Ad fontes, både i regi av dei sjølv og andre studentar og studentorganisasjonar. Til vanleg går det i quiz, konsertar, føredrag, brettspel og opne kveldar.

– Vi har større arrangement som Melodi Grand Prix-kveld, og ikkje minst Monte Carlo-aftan, der alle pyntar seg og spelar poker og liknande kortspel – rulett er det òg. Litt som i Las Vegas, fortel Linnea Reitan Jensen, organisasjonssekretær i HSU.

Studentar har høve til å bli med i HSU gjennom Ad fontes, HF-revyen, i tillegg til ei rekkje andre studentorganisasjonar ved UiB, og det er ikkje snakk om berre arbeid. Det sosiale er nemleg sterkt vektlagd.

– Dersom ein blir med og jobbar frivillig i til dømes Ad fontes bidrar ein til at HF og studentane der har ein eigen studentplass samstundes som ein treffer nye folk. Ein finn mange internasjonale studentar der, noko som er spesielt fint for språkstudentar. Som frivillig får ein interngodar som tilgang til internarrangement og koselege prisar, men ein får òg mykje anna. Det å engasjere seg er ei veldig god og ikkje minst sunn avveksling frå studiane.

HF-revyen

Kvart år sidan 2010 har det vorte stelt i stand ein eigen HF-revy, der nye og gamle studentar kan vere med, både bak og på scena. I år sette dei opp «Bokstavlig galt».

– Arbeidet med revyen startar på hausten. Då handlar det mest om å bli kjend med kvarandre og å finne ut kva revyen skal handle om. Etter jul er det fullt køyr og intensivt arbeid fram mot framsyningane i mars, seier Jensen.

Fadderveka

Fadderveka er sentral for nye studentar, og HSU ønsker då alle velkomne med ei sosialiseringsveke, der dei blir introduserte for livet på faktultet samstundes som dei blir kjende med studentbyen Bergen.

– Målet er at dei nye studentane skal bli kjende med kvarandre og universitetet. Ein skal få nokon å sitte med på førelesing, sleppe å traske rundt åleine og få nokon å finne på noko med på kveldstid. Fadderstyret prøver å inkludere alle best mogleg. Ein skal rett og slett ha det gøy, opplyser Jensen.

Det faglege og studentpolitiske aspektet

Det er ikkje berre eit sosialt utbytte ein får innanfor studentorganisasjonane ved fakultetet. Det er òg eit høgst fagleg og studentpolitisk aspekt. HSU er den største organisasjonen. Målet er å sørgje for at alle underutvala har so gode rammer som mogleg for å skape ei god studietid. Ved sidan av HSU, eksisterer det ulike tidsskrift og fagutval, som mellom anna arrangerer fagkritisk dag.

– Studentutvalet (SU), som er det studentpolitiske organet i HSU, prøver å sørge for studiane går som dei skal og at pensumlister kjem, lesesalane er varme, det er lys på toaletta og andre banale ting som ikkje er so sikkert at verkar, seier Prestegard.

– Ein har òg fokus på det reint faglege, der ein diskuterer når i studieløpet Ex.phil bør vere og korleis ein kan ta språkfag i bachelorgraden. SU har mykje å seie for korleis studiane er ved HF og er ein stad der ein kan påverke studiekvardagen.

Tida etter studiane er ikkje alltid like lett å planlegge, men for å hjelpe studentar på veg har HSU eit arbeidslivsutval (HAU), som arbeider med å gjere avstanden mellom studentar og arbeidslivet kortare.

Verdien av å vere frivillig

Ifølgje Prestegard er det å vere med i HSU og dei andre organa og organisasjonane utruleg lærerikt. Ein får god innsikt i korleis organisasjonar generelt og universitetet spesielt fungerer, noko som Prestegard påpeikar er viktig å ha med seg etter studiane.

– Forsking viser at det å engasjere seg utanfor studiane gjer at du studerer betre og får betre resultat. Å finne noko ein brenn for er essensielt for å ha det bra som student.