Hjem
Det humanistiske fakultet

Sjukdom ved eksamen

Kva gjer du om du blir sjuk ved eksamen? Kva er gyldig fråvær og korleis går du fram for å registrere fråværet?

Nærbilde av skjema for registrering av gyldig fravær
Du kan bli sjuk når du skal ha eksamen. Hugs å skaffe dokumentasjon frå lege så snart som mogleg.
Foto/ill.:
Emil W. Breistein


Kva gjer du om du blir sjuk ved eksamen?

Tregongersregelen inneber at ein berre får tre forsøk på eit emne. Generelt er det derfor viktig å trekkje seg frå emnet om ein ikkje skal ta eksamen. Dersom du vert sjuk eller har anna gyldig fråvær på eksamensdagen, skal ikkje det telje som eit eksamensforsøk. Føresetnaden er at du leverer dokumentasjon til fakultetet innan fristen.

Omstende som gir gyldig fråvær er eigen og barns sjukdom, dødsfall i nær familie eller hos andre ein har eit nært forhold til, gravferd eller bisetting, pålegg frå offentleg myndigheit som er til hinder for å møte til eksamen, eller anna som gjer det sterkt urimeleg å krevje at ein skal gjennomføre ei vurdering (sjå Forskrift om opptak mv. ved UiB, § 6.10).
 

Korleis bli registrert med gyldig fråvær?

Fristen for å levere dokumentasjon er ei veke etter eksamensdatoen. I tillegg må du fylle ut skjemaet for registrering av gyldig fråvær, som du finn nedst på denne sida.

Dokumentasjonen må dekke datoen for den aktuelle skoleeksamenen eller munnlege eksamenen, utleveringsdatoen for heimeeksamen eller innleveringsfristen for oppgåveleveringar.

Dokumentasjonen, saman med skjema for registrering av gyldig fråvær, skal leverast/sendast til Det humanistiske fakultet. Du kan

  • levere på Infosenteret ved HF på Sydneshaugen skole
  • sende i posten til Det humanistiske fakultet, postboks 7805, 5020 Bergen

Når kan du ta opp igjen eksamen?

Studentar som har gyldig fråvær frå skoleeksamen og munnleg eksamen har rett på eksamen tidleg i det påfølgjande semesteret, sjølv om emnet ikkje elles har eksamen då (jf. Forskrift om opptak mv. ved UiB, § 6.11).

Emne som har undervising i berre eitt av semestera har normalt ein ordinær eksamen tidleg i det undervisingsfrie semesteret («midtsemestereksamen»), som er open for studentar som har fått godkjent ev. obligatoriske arbeidskrav. Dersom du har spørsmål, kontakt instituttet som eig emnet, du finn epostadressane til høgre på denne sida.