Hjem
Det humanistiske fakultet
utsmykking av sydneshaugen skole

Ugler i gangen

Universitetet i Bergen har fått eit nytt tilskot i den store uglefamilien. Ei ny uglefrise er avduka i trappehallen på Sydneshaugen skole.

Ny uglekunst på Sydneshaugen skole

Under avdukinga av den nye uglefrisa på Sydneshaugen skole, spelte Griegakademiets fløytekvartett opp. Kunstnar Rachel E. Huglen (1979-) er master i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har også kunsthistorie grunnfag frå UiB, og har sjølv vandra i gangane på Sydneshaugen.
Produsent:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

Ugla som symbol på visdom og klokskap stammar frå dei gamle grekarane. Ei ugle var alltid i følgje med Athene, gudinna for visdom, og fekk slik rolla som visdommens fugl.

Men er ugla eigentleg særleg vis? Visstnok er hjernen og den intellektuelle kapasiteten til ugla ikkje større enn hjå andre fulgar. Men ho har eit skarpt syn og ein eminent hørsel, og ei tilsynelatande stoisk ro som vismenn er kjende for å ha.

Ugla og UiB

Ugla er det viktigaste grafiske elementet i UiB-profilen, og det har ho vore sidan universitetet vart danna i 1946. Før den tid var ugla nytta som symbol ved Bergen Museum.

Første gongen ugla dukka opp, var på det første tidsskriftet som vart gjeve ut ved museet. Den gongen sto ho på ein stein, no står ho på dei sju fjella som omkrinsar Bergen.

UiB-ugla er ein Hubro og er utbreidt i det karrige vestlandslandskapet.

– Difor passar den bra som symbol på eit vestlandsuniversitet – vi har det karrig, men vi klarar oss veldig godt, sa dekana Margareth Hagen under markeringa av den nye uglefrisa.

Flora og fauna på Sydneshaugen skole

Dei som har traska i gangane på Sydneshaugen skole er godt kjend med dyre- og planteriket som prydar veggar og tak i bygningane. Blant dei vakre detaljane er fuglemaleria i taka i trappeoppgangane og hjort i ulike positurar over dørene.

Når Sydneshaugen skole gradvis vert pussa opp og oppgradert og yttarlegare utsmykka, vidarefører ein denne tradisjonen, og let ugla i ulike variasjoner få heidersplassen mellom vindauge og tak.

Kunstnaren som har fått oppdraget hjå universitetet sitt estetiske utval er Rachel E. Huglen, som kjenner Sydneshaugen skole frå innsida. Ho er tidlegare kunsthistoriestudent ved UiB og master i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen. Det er også ho som for to år sidan stod for uglefrisa i trappehallen ei etasje lenger opp.


Mellom himmel og hav

– Uglene er i same stilen, det er same «grunnugla», men denne gongen har ikkje alle andlet, og dei er i heilt andre fargar. Som i etasja over, tek dei opp i seg fargen frå den nye sofagruppa midt i hallen, fortel Huglen.

Uglefrisa er laga i tekstil og har ein lyddempande effekt i den store hallen.

– Dette skal vere eit godt opphaldsrom for studentane, sier kunstprofessor Siri Meyer, leiaren av Estetisk utval. Dei arbeider for at UiB sine hus og uterom skal bli endå vakrare og meir meiningsfulle.

Huglen har følgd tankegangen til kunstnaren som dekorerte Sydneshaugen skole på 20-talet. I dei øverste etasjene svevar stjernene og fuglane, medan plantar og dyr held til i dei nederste etasjene.

– I frisa som eg laga i tredje etasje svevar uglene i lufta og kjem dalande nedover. I andre etasje, der dei nye uglene no kjem, har eg lagt inn plantar, då uglene nærmar seg bakken, fortel kunstaren.

I kjellaretasjen er det fisk som pyntar betongveggane. Mon tru om ugler kan symje?