Hjem
Det humanistiske fakultet

Forvaltning av kulturminne i sjøen

Eirik Søyland er utdanna «land-arkeolog», men jobbar på Bergen Sjøfartsmuseum med forvaltning av marine kulturminne.

Dykkinga gjer jobben min enda meir interessant og spennande.

Kort tid etter at Eirik fullførte masteren i arkeologi, fekk han jobb som saksbehandlar og marinarkeolog på Bergen Sjøfartsmuseum.

– Reint metodisk og undervisningsmessig er det ein del ulikskapar mellom arkeologifaget på land og i sjø, men mykje av grunnprinsippa er dei same. Eg syns eg får god bruk for utdanninga mi i jobben, fortel han.
 

Forvaltningsansvar

– I jobben min vurderer eg om marine kulturminner blir trua ved planar og tiltak i sjø.

– Eg skal i tillegg formidle kunnskapar om, og skape holdningar til, marine kulturminner, seier han.

I tillegg til å drive med forsking, undervisning og formidling, har Bergen Sjøfartsmuseum forvaltningsansvar for marine kulturminne innanfor fylka Hordaland og Sogn og Fjordane og på Sunnmøre. Dei tilsette forvaltar kulturminne under vatn og staten sin eigedomsrett til desse.

Dykking i arbeidstida

Eirik synest jobben i Bergen Sjøfartsmuseum har eit ekstra pluss: Når dei skal registrere kulturminne i eit område, er dei ofte ute og dykker.

– Dykkinga gjer jobben min enda meir interessant og spennande. Eg er så godt som alltid med når det er dykking i regi av museet. Under dykkinga stiller vi spørsmål rundt det vi ser. Kva er dette er? Kvifor er det her? Kva for konsekvensar vil ein eventuell utbygging ha for kulturminna?

Kva for type dykking det er, varierer. Nokre ganger er det svømmedykking og visuell observasjon, andre ganger hever dei opp kvernsteinar og andre gjenstandar.

– Dei fleste av oss har vitskapleg dykkarsertifikat som er eit «lett» arbeidsdykkarsertifikat i utgangspunktet berekna for marinbiologer og marinarkeologar som har dykking som ein del av jobben. På det meste blir det 70-80 dykk i året og vi har hatt høg aktivitet dei siste 3-4 åra, fortel han.

– På tross av at dykkinga innebér ein viss risiko, har vi ikkje hatt ei einaste ulykke ved museet. Vi har høgt fokus på sikkerheit, understreker Eirik.