Hjem
Det humanistiske fakultet

Midtvegsevaluering ved HF

Alle ph.d.-kandidatar blir kalla inn til midtvegsevaluering halvvegs ut i prosjektperioden. Målet er å bidra positivt til at ph.d.-kandidatar gjennomfører forskarutdanningsløpet sitt på normert tid og med vellukka resultat.

Klubbe på møte
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

Evalueringa går konkret ut på at ein evaluerer korleis det går med eit prosjekt ved å sjå på framdrifta i forhold til framdriftsplanen. Dersom det er naudsynt blir det utarbeidd ein plan for vidare arbeid. Evalueringa skal òg fange opp utfordringar tidleg nok til ein kan sette inn tiltak som skal hindre forseinkingar og fråfall.

Det er institutta og sentra som er ansvarlege for den praktiske gjennomføringa av midtvegsevalueringa ved Det humanistiske fakultet.

Kandidatane leverer ein forenkla framdriftsrapport det året midtvegsevalueringa finn stad.

Grunnlag

Grunnlag for midtvegsevalueringa

1. Forskrift for graden ph.d. ved Universitetet i Bergen: om midtveisevaluering (§ 6-3)

  • Alle kandidat skal gjennomgå ei midtvegsevaluering. Som hovudregel skal midtvegsevalueringa inkludere faglige innspel frå forskarar innan kandidaten sitt eige fagfelt og tilgrensande fagfelt. Midtvegsevalueringa har som hovudmål å hjelpe kandidaten til å identifisere forhold som medfører risiko for at prosjektet stansar opp eller blir forseinka, samt å gi innspel som kan auke kvaliteten i arbeidet. Fakultet, rettlaiar(ar) og kandidat pliktar aktivt å følgje opp forhold som kan medføre fare for forseinka eller manglande gjennomføring av ph.d.-utdanninga, slik at utdanninga, så langt som mogleg, kan bli gjennomført innanfor normert tidsramme.

2. Ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet: om midtveisevaluering (pkt. 3.3.)

  • Alle ph.d.-kandidatar ved UiB skal gjennomgå ei midtvegsevaluering.
  • Hovedmålsetnad: Å identifisere forhold som medfører risiko for at prosjektet stanser opp eller blir forseinka, samt gi innspel som kan auke kvaliteten i arbeidet.
  • Det er grunneiningane sitt ansvar å kalle inn til midtvegsevaluering.
  • Midtvegsevalueringa finn stad når kandidaten har kome ca. halvvegs i perioden for doktorgradsarbeidet.
  • Midtvegsevalueringa foregår i eit møte med kandidaten der grunneinga si leiing, fagkompetanse og administrasjon er representert.
  • Fagkompetansen skal bestå av minst éin fagperson i tillegg til rettleiar(ar).
  • Administrasjonen er representert ved grunneininga sin ph.d.-koordinator eller tilsvarende.
  • Kandidat og hovudrettleiar skal før møtet levere kvar sin rapport som gjer greie for status i avhandlingsarbeidet.
  • Kandidaten skal i tillegg levere tekst óg gi ein munnleg presentasjon. Teksten og presentasjonen sitt omfang blir bestemt av kandidaten sitt fagmiljø.

Føremål

Det overorda målet for midtvegevalueringan er å bidra positivt til at kandidaten gjennomfører forskarutdanningsløpet på normert tid og med vellukka resultat. 

Evalueringa skal:

  • gjere opp status for progresjonen i prosjektet gjennom å evaluere framdrifta i høve til framdriftsplanen
  • resultere i ein plan for det videre arbeidet der dette viser seg naudsynt
  • fange opp utfordringar tidsnok til å sette i verk tiltak som kan hindre forseinking og fråfall

Innkalling og rapportering 

Innkalling og rapportering

Instituttet varslar kandidatene om evalueringa ca. 6 måneder på førehand, og sender ut formell innkalling til kandidat og hovudrettleiar 3 veker før møtet skal finne stad. Ph.d.-kandidat og hovudrettleiar må levere inn kvar sin skriftlege statusrapport seinast ei veke før evalueringsmøtet (maks 5 sider). Desse rapportane skal leverast til midtvegsevalueringskomiteen.

Rapportane skal gjere greie for:

  1. kva som er gjort med tanke tanke på opphaveleg framdriftsplan i tillegg til å vurdere prosjektutviklinga i lys av denne. Ein bør legge vekt på årsakar til kvifor eit prosjekt har vorte forseinka
  2. eventuell produksjon av artiklar, konferansedeltaking og liknande (gjeld berre kandidaten)
  3. innhald i rettleiinga fram til evalueringstidspunktet, som til dømes kor mykje rettleiing, hovudtema i rettleiinga og ei vurdering av rettleiinga
  4. oversikt over gjennomført opplæringsdel før evalueringa (gjeld berre kandidaten)
  5. oppdatert framdriftsplan med forslag til tiltak der prosjektet er forseinka

Presentasjon

Kandidaten skal i tillegg levere tekst óg gi ein munnleg presentasjon. Teksten og presentasjonen sitt omfang blir bestemt av kandidaten sitt fagmiljø.

Møte

Midtvegsevalueringsmøte

Midvegsevalueringsmøtetet er eit timelangt møte med ph.d.-kandidaten, hovudrettleiar og midtvegsevalueringskomiteen. Ein tar utgangspunkt i dei innleverte rapportane og målet er konstruktive diskusjonar kring desse og prosjektet.

Både kandidat og hovudrettleiar får tilbod om åleinetid med komiteen.

Referat

Det skal skrivast referat frå møtet i eigen mal

Det skal framgå om progresjonen er tilfredsstillande/ikkje tilfredsstillende. Konklusjonen skal grunngjevast. Eventuelle tiltak skal konkretiserast, også med omsyn til ansvar for oppfølging. Alle møtedeltakerne skal signere referatet, som saman med rapportane skal arkiverast som konfidensielle og leggast fram for forsknings- og forskerutdanningsutvalet som orienteringssaker.

Oppfølging

Oppfølging av kandidatar som ikkje viser tilfredsstillande progresjon

Midtvegsevalueringa bør resultere i ein tidsavgrensa oppfølgingsplan for kandidatar som ikkje tilfredsstiller forventa progresjon.