Hjem
Det humanistiske fakultet
Møt ein professor

Knut S. Vikør: Frå salthandel til sharia

Midtausten-forskaren ser på korleis dagens hendingar heng saman med lange historiske linjer.

Bilde av Knut Vikør på kontoret
EIGE BIBLIOTEK: Knut Vikør har omlag 40 hyllemeter med bøker på kontoret – om Afrika og Midtausten, historie og politikk. Han har naturlegvis ikkje lest alle. Det er meir eit arbeidsbibliotek, han kan slå opp bestemte tema etter behov.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Knut S. Vikør vart interessert i Afrika alt på gymnaset. Det var eit nytt og spennande kontinent for han – og han ville sjå på nye ting. Fokuset var først på dei då ganske ukjente store muslimske rika i Vest-Afrika, og frå der gjekk interessa over Sahara til Midtausten og islam.

Den allmenne interessa for fagfeltet hans har endra seg dei siste tiåra.

– Det vart eit stort oppsving etter revolusjonen i Iran i 1979, men ein eksplosjon i interesse etter 11. september, og igjen etter den arabiske våren for fire år sidan.

– Det som skjer i Midtausten er opplagt noko som opptar meg både i og utanfor undervisninga. For tre år sidan såg det ut som det var ei ny og positiv utvikling i mange land, men i dei fleste av dei er det snudd til kaos og blodige borgarkrigar.

– Mi oppgåve blir å prøve å forklare kva som har skjedd og kvifor, og å setje hendingane inn i ein historisk samanheng.

Vikør likar kombinasjonen forskning og undervisning: å lese seg opp på eit tema, og så gå i klasserommet og fortelje om det.
 

Viktig for samfunnet

Kunnskap om Midtausten er openbart viktig for samfunnet, og Vikør opererer mykje i media. Kvar einaste veke uttalar han seg eller skriv om ulike tema knytt til faget. Kor mykje av tida hans tek dette? Og kvifor tek han seg tid til det?

– Det er ein del av samfunnsoppdraget til universitetet. Dersom det er slik at vi med den kunnskapen vi har kan bidra til større forståing for desse aktuelle konfliktane, så må vi trå til.

Det er oftast media som kontaktar Vikør for å få kommentarar.

– Eg er naturligvis ikkje «spesialist» på alt det dei spør om, men eg prøver å gi meiningsfulle svar ut frå det eg veit. Så er det opp til journalistane kva dei vel å setje på trykk.
 

Fagmiljøet i Bergen

Både Bergen og Oslo har fagmiljø som forskar på Midtausten, om lag like store i tal. Er det nokon skilnad på desse miljøa?

– Bergensmiljøet er nok meir historisk og humanistisk orientert. Oslo, med sine mange forskingsinstitutt, er meir opptatt av det dagsaktuelle. Vi går forbi det dagsaktuelle og ser Midtausten i eit lengre perspektiv, vi ser korleis det som skjer i dag heng saman med lange historiske linjer.

Noko av det Vikør har arbeidd mest med, er å sette den islamske lova, shariaen, inn i ein slik historisk samanheng. Han ser på korleis denne lova i innhald, og ikkje minst i praksis, har utvikla seg gjennom hundreåra, og framleis gjer det i dag.
 

Yareet

Knut Vikør må innrømme at han gjerne skulle ha vore betre i munnleg arabisk enn han er.

Yareet, som det heiter på egyptisk, hadde det enda vore slik.

– Arabisk er naturligvis det faglege språket vårt, kjeldene er på arabisk, så det må vi som arbeider profesjonelt med slike tema kunne lese. Men vi publiserer jo på engelsk.

Som mange andre i faget har han også hatt eit kortare studium i persisk, men alt han hugsar frå det, er den siste setninga han pugga for ettertida: «Eg snakkar ikkje persisk».

Til slutt. Har du eit råd til dagens studentar?

– Tempoet er jo skrudd så høgt opp no, at også studentar hastar frå det eine til det andre for å rekke over alt. Det beste ville vere om dei kunne ta seg tid til å prioritere, og då håpar eg jo dei prioriterer faget.

– Det er også viktig å lese ting om faget som ikkje er eksamensrelevant – fortellingar, skjønnlitteratur og film. Dess meir ein klarer å dukke ned i ein annan kultur, dess betre klarer ein også å forstå det som blir sagt på studiet.