Hjem
Det humanistiske fakultet
møt ein professor

Miguel Ángel Quesada-Pacheco: Ei språkreise

Språkprofessoren har ikkje oversikt over kor mange språk han kan, eller kor mange bøker han har skrive.

Bilde av Miguel Ángel Quesada-Pacheco med paraply
BRA FOR KONSENTRASJONEN: Miguel Ángel Quesada-Pacheco er veldig glad i bergensregnet. – Eg kjem ifrå eit land med jamt tropisk regn frå mai til desember, og konsentrerer meg mykje betre i regnvêr enn i sol.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Miguel Ángel Quesada-Pacheco si interesse for språk oppstod då han var fire. Far hans hadde vore i Panama og jobba på kanalen der han hadde lært å snakke engelsk. Miguel spurte konstant om korleis ein sa det eine og det andre på dette framande språket. Deretter fann han opp eit eige språk som han instruerte søskena sine til å snakke: «du spør om det, og så svarar du slik».

På gymnaset reiste han til USA på utveksling, men fann ut at det var ei ulempe å kunne engelsk, for då ville alle berre snakke det. Etter studia i Costa Rica reiste han til Island for å jobbe på eit fiskemottak i 3-4 månader. Islandsk hadde fascinert han sidan han var liten og no fekk han endeleg høve til å lære det.

Doktorgraden tok Quesada-Pacheco i Tyskland der han skreiv avhandling om romansk og tysk filologi samt komparativ lingvistikk – på tysk. Han kom til Bergen i 1993 etter å ha fått eit professorat ved UiB.

Revitaliserer urfolksspråk 

I tretti år har han forska på spansk slik det vert snakka i Costa Rica og på indianske språk, og sjølv om han bur i Bergen er han jamnleg på feltarbeid i Mellom-Amerika. Saman med andre forskarar har han gjort ei omfattande spørjeundersøking i 90 byer og bygder i fleire land, om fonetikk, morfosyntaks og ordtilfang, og har utarbeida lingvistiske atlas.

– Høvet mellom språk og kultur i Mellom-Amerika er eit svært lite utforska tema innan spansk lingvistikk generelt. No har vi samla inn ei stor mengd data som let seg analysere ut frå dette perspektivet. Vi vil då sjå kva forskjellar det er i spansken som vert snakka i Mellom-Amerika, forklarar han.

Quesada-Pacheco held på med mange prosjekt samstundes. Han går inn og ut av ulike prosjekt og ulike tema, om språk, kultur og historie.

– Eg vart interessert i indianarspråk på 90-talet då eg sat i ein kommisjon til ei som skulle forsvare masteroppgåva si om indianarspråket boruca. Ho klaga på at det var lita interesse omkring indianarspråk blant forskarar, så eg lærte meg boruca og oppdaga ei heilt ny verd.

Boruca har lenge vore eit utryddingstrua språk, då alle i boruca-stammen snakkar spansk og ungane lærer spansk på skulen. Quesada-Pacheco håpar han kan bidra til å halde språket levande, og har skrive ei ordbok i boruca for vaksne og ei lærebok for barn. I andre bøker har han samla legender, mytar, historier, skildringar, anekdotar og tradisjonar frå boruca-folket, men òg frå guaymí- (Panama) og paya- (Honduras) stammane.

Språk er kultur

Quesada-Pacheco har også og skrive ei bok om språkhistorie, om korleis spansken kom til Mellom-Amerika på 1500-talet og har utvikla seg til i dag. I tillegg er han oppteken av etnolingvistikk, om høvet mellom språk og kultur. Han ser på korleis ulike kulturtrekk blir uttrykte gjennom språk.

– I indianarkulturen er stillheit ein kommunikasjonsmarkør i starten av eit møte mellom menneske. Om nokon snakkar før verten har sagt noko vert det sett på som dårleg oppseding. I norsk og spansk kultur skal ein helst seie noko, om det så berre er om vêret, fortel han.

Det er det same når ein bryt opp eit samvær. Når indianaren seier «no går eg», så går han. På både norsk og spansk kan dette vere ein prosess som lett kan ta 15 minutt eller meir. Ein småpratar ei god stund etter at ein har sagt at ein skal gå, om at middagen var god og kor kjekt det har vore. Indianaren synest det er komisk at dei ikkje går.

Quesada-Pacheco jobbar med «kvardagsspråk», og har bidrege til å legitimere verdien av indianarspråk og måten ein snakkar på i Costa Rica.

– Forsking på området har gjort at fleire har vorte bevisst at det også finst indianarspråk i Mellom-Amerika, ikkje berre spansk. I Costa Rica trur dei at dei snakkar stygt, at det er i Spania, Argentina og Mexico dei snakkar «skikkeleg».

– Men det er ikkje slik at ein snakkar stygt eller fint, alle målføre har ein eigen verdi. Språk er kultur, seier han.