Hjem
Det humanistiske fakultet
prisutdeling

Utdeling av formidlingsprisen og spurveugleprisen

Det humanistiske fakultet inviterer alle tilsette, studentar og andre interesserte til prisfest.

Prisutdeling Ad fontes
God stemning under prisutdelinga på Ad fontes i fjor. I midten, vinnaren av Formidlingsprisen 2014, Knut S. Vikør.
Foto/ill.:
Alexander Nygård

Vi feirar vinnarane av
Spurveugleprisen og Formidlingsprisen 2015.


Det blir lett servering, talar,
musikk og utdeling av gjeve prisar.


Årets prisvinnarar:


Formidlingsprisen
går til ein eller fleire personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for å formidle resultat av forskings- og utviklingsarbeid av høg kvalitet. Prisen er på 25.000,-. Fakultetet sin kandidat vert vidare nominert til Meltzerfondets pris for framifrå forskingsformidling ved UiB.

Spurveugleprisen er HF sin pris for utdanningskvalitet og vert delt ut til fagmiljø som kan dokumentere særleg vellykka tiltak for å forbetra utdanningskvaliteten. Prisen er på 25.000,-. Fakultetet sin kandidat vert vidare nominert til Ugleprisen, UiB sin pris for utdanningskvalitet.