Hjem
Det humanistiske fakultet
middelalderuken

MIDDELALDERUKEN: Magnus Lagabøtes Landslov og barn i mellomalderen

Ei utstilling der du får sjå film om barn som fortel om livet sitt i mellomalderen, og eit snakkande portrett av kong Magnus Lagabøter.

Bilde av middelalderbarn
Photo:
Lars Storheim

Innhold

Utstillinga «Magnus Lagabøters Landslov og barn i mellomalderen» består av eit snakkande maleri av kong Magnus Lagabøter, som presenterer si Landslov av 1274, og 3D-figurane Magnus og Kristin, som et, arbeider, leikar og snakkar om livet for barn i mellomalderen.

Utstillinga er ein smakebit av den store Landslovsutstillinga på Bryggens Museum i 2017.

Norsk barnemuseum, MUST har produsert utstillinga i samarbeid med Landslovprosjektet.

Utstillinga er gratis og open for alle!

 

Arrangør av Middelalderuken er Det humanistiske fakultet ved UiB og fleire samarbeidspartnarar i Bergen.