Hjem

Det humanistiske fakultet

Vitnemål frå Det humanistiske fakultet

Når du har fullført ein grad ved UiB får du eit vitnemål. Vitnemålet blir berre skrive ut éin gong, og er beviset ditt på at du har fullført eit studieprogram.

illustrasjon
Det er stort å fullføre ein grad!

Grunnlaget for vitnemålet er utdanningsplanen, og vitnemålet blir skrive ut når den er fullført. Du kan sjå utdanningsplanen din i Studentweb. Om du ønsker å gjere endringar i planen, kan du kontakte studierettleiaren for programmet ditt.

Fristane for å gjere endringar i planen er 15. juni om du fullfører graden i vårsemesteret, og 15. januar om du fullfører graden i haustsemesteret.

Vitnemålsportalen

Vitnemålsportalen er ein ny, digital teneste kor tidlegare og noverande studentar sjølv kan hente ut resultata frå høgare utdanning og dele dei med studiestadar, potensielle arbeidsgjevarer og andre relevante partar. Tenesta er gratis å bruke.

Når kan du hente vitnemålet ditt?

Vitnemåla er klare til 15. september om hausten og til 15. februar om våren. Du vil få beskjed via e-post når vitnemålet ditt er klart. Dei blir oppbevarte på Infosenteret ved HF der du kan komme og hente det. Hugs å ta med legitimasjon. Det gjeld også dersom det er andre som kjem og henter det for deg, dei må i tillegg til legitimasjon, vise ein stadfesting frå deg på at dei kan hente vitnemålet ditt.

Dersom du bur i andre stader av Norge, kan du be om at vi sender vitnemålet til deg. Du får informasjon om dette på e-post når vitnemålet ditt er klart. Merk at vitnemål blir sendt rekommandert, og kan ikkje hentast av andre enn deg personleg. 

Vitnemål blir skrivne ut etter at klagefristen er gått ut, og du kan ikkje få det utstedt tidlegare. Dersom du treng dokumentasjon på graden før det, kan du enten bruke Vitnemålsportalen (sjå over), eller be studierettleiaren på programmet ditt om ei stadfesting på oppnådd grad.

Studentar som fullførte graden før 2016, eller som har teke ein grad utan utdanningsplan, må bestille vitnemålet gjennom bestillingsskjema.