Hjem
Det humanistiske fakultet
Studiestart 2019

Program for studiestartveka

Det humanistiske fakultet ønsker nye studentar velkomne måndag 12. august. Her finn du heile programmet for den første veka di hos oss.

Studiestart
GOD START: Programmet den første veka som ny student er innhaldsrikt og variert. Få med deg det som skjer for å få ein best mogleg studiestart.
Foto:
Emil W. Breistein

Innhold

Oppmøte for alle nye HF-studentar er måndag 12. august kl. 09.00. 

Under finn du eit detaljert program for alle informasjonsmøte og aktivitetar kvar dag i studiestartveka. Det kan komme mindre endringar i programmet.

Måndag 12. august

    Kl. 09.00: Oppmøte for alle nye HF-studentar

    Stad for oppmøte og anna informasjon finn du på nettsida for ditt studieprogram.

    Kl. 10-12.30: Deltaking i Studiestartgrupper
    Alle nye bachelor- og lektorstudentar ved HF får tilbod om å delta i studiestartgrupper måndag og tysdag i studiestartveka. Her møter du andre som begynner på same studieprogram som deg og du får hjelp med alt du skal gjere av registrering og anna. Deltakarar må melde seg på. Du mottek ein epost med lenke til påmelding i slutten av juli. 

    Kl. 13-14: Velkomst- og informasjonsmøte i Grieghallen
    Her blir du ønskt velkommen av dekanen ved fakultet og studentrepresentantar. I tillegg til at du får praktisk informasjon om emner du skal ta første semesteret. Alle nye studentar skal delta på dette møtet. Her blir det også inndeling i faddergrupper.

    Kl. 15-16: Velkomstseremoni på Muséplass 
    Velkommen til Universitet i Bergen si offisielle opning! Saman med alle dei andre nye studentane møter du rektor Dag Rune Olsen og leiar av Studentparlamentet, i tillegg andre prominente gjestar. Det blir pomp og prakt og flott musikk. Seremonien startar med innmarsj for studentane og fadderane.

    Frå kl. 16:00 Fadderprogrammet tek over
    Arrangement i regi av fadderveka.

    Tysdag 13. august

    Kl. 9-15: Studiestartgrupper
    Studiestartgruppene har opplegg heile dagen. 

    kl. 9-12: Semesterregistrering
    For studentane som er med i studiestartgrupper blir det organisert semesterregistrering i dei store auditoria på Sydneshaugen skole. 

    Studentar som ikkje er med i studiestartgrupper, får hjelp til registrering på Infosenteret ved HF.

    kl. 11.15: Bli-kjent -og informasjonsmøte for nye studentar på årsstudium

    Stad for oppmøte er Auditorium A eller B på Sydneshaugen skole. Deltakarar må melde seg på. Du mottek ein e-post med lenke til påmelding i slutten av juli. 

    kl. 9-14: Studenttorg i Studentsenteret
    Her kan du møte rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, idrettslag og studentmedia. Du har ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!

    Frå kl. 15.00: Fadderprogrammet tek over
    Arrangement i regi av fadderveka.

    Onsdag 14. august

    Kl. 10-15: Faglege informasjonsmøter

    StudieprogramTidStad
    Bachelorprogram i arkeologi10.15 Seminarrom 1, Øysteins gate 3 
    Bachelorprogram i arabisk13.15 Seminarrom M, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i digital kultur13.15Auditorium B, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i engelsk13.15Auditorium A, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i filosofi10.15Auditorium D, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i fransk10.15Seminarrom 301, HF-bygget
    Bachelorprogram i  historie10.15Auditorium A, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i italiensk11.15Seminarrom 301, HF-bygget 
    Bachelorprogram i japansk12.15Auditorium D, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i kinesisk14.15Seminarrom M, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i kjønnsstudium og
    Årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald
    11.15 Auditorium E, Sydneshaugen skole
    Bachelorprogram i klassisk filologi13.15Seminarrom 301 HF-bygget 
    Bachelorprogram i kulturvitskap12.15Seminarrom 1 Øysteins gate 3
    Bachelorprogram i kunsthistorie10.15Auditorium Q, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i: 
    Nordisk språk og litteratur
    Norrøn filologi
    Norsk som andrespråk
    12.15Auditorium Q Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i religionsvitskap10.15Auditorium R, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i retorikk10.15Seminarrom K, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i russisk12.15Auditorium R, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium12.15Auditorium B, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i språkvitskap 12.15Seminarrom M, Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i teatervitskap 10.15Seminarrom N,  Sydneshaugen skole 
    Lektorutdanning i framandspråk 
    Lektorutdanning i nordisk
    Lektorutdanning i religion/historie
    10.15Auditorium B, Sydneshaugen skole

    Frå kl. 15.00: Fadderprogrammet tek over
    Arrangement i regi av fadderveka.

    Torsdag 15. august

    Kl.10-13: Faglege informasjonsmøter

    StudieprogramTidStad
    Bachelorprogram i litteratur 10.15Auditorium E Sydneshaugen skole 
    Bachelorprogram i tysk 12.15Seminarrom N   Sydneshaugen skole 
    Årsstudium i historie12.00Auditorium 2, Jusbygget
    Årsstudium i nordisk språk og litteratur09.15Auditorium B, Sydneshaugen skole
    Årsstudium i religionsvitskap10.15Auditorium 3, Jusbygget

    Kl. 12-13: God start - Sammen  
    Stad: Sydneshaugen skole, Auditorium A

    Sammen Råd og karriere held eit foredrag der gode studievanar, vanlege startvanskar, studieteknikk  og tips om korleis gjere seg jobbklar i løpet av studietida, er sentrale tema.

    For følgjande studentgrupper:

    • Studentar som skal ta ex.fac.-emnet Akademisk skriving og skal på introduksjonsforelesning fredag 14.15-16.00, se informasjon under.


    Frå kl. 15.00: Fadderprogrammet tek over
    Arrangement i regi av fadderveka.

    Fredag 16. august

    StudieprogramTidStad
    Filosofi - semesterstartdag, alle nivå10.15-15.00Undervisningsrom 208/209
    Undervisningsrom 210
    Sydnesplassen 12-13

    Kl. 12-13: God start 
    Stad: Sydneshaugen skole, Auditorium A

    Sammen Råd og karriere held eit foredrag der gode studievanar, vanlege startvanskar, studieteknikk  og tips om korleis gjere seg jobbklar i løpet av studietida, er sentrale tema.

    For følgjande studentgrupper:

    • Studentar som ikkje skal ta på introduksjonsforelesning om Akademisk skriving
    • Studentar på lektorutdanningane.

    Kl. 14.15-16: Introduksjonsforelesning i Akademisk skriving
    Dette møtet er aktuelt for studentar på fleire av studieprogramma på HF. Sjå oversikta Dine emne for anbefalt ex.fac.-emne på ditt studieprogram.

    Stad: Jusbygget, Auditorium 1 

    Frå kl. 15.00: Fadderprogrammet tek over
    Arrangement i regi av fadderveka.