Hjem
HMS-portalen

Opne strålekjelder

Opne strålekjelder skal avhendast i høve til aktivitetsnivå og halveringstider på nukliden som vert nytta.

Hovedinnhold

Når det gjeld avhending av opne strålekjelder vert desse handsama på ulikt vis alt etter aktivitetsnivå og halveringstid(er) på nukliden(ane) som vert nytta. Brukar er ansvarleg for at avfallet vert handtert på ein forsvarleg og riktig måte i høve til strålingsnivået på avfallet.

UiB har fylgjande inndelingar:

Det radioaktive avfallet skal leverast til godkjent mottak minst 1 gong pr år.

Biologisk materiale som inneheld nuklidar
Når det gjeld dyrekadaver, delar av dyr eller vev som er injisert med radioaktive nuklidar er det aktiviteten eller aktivitetskonsentrasjonen av nukliden som bestemmer kva avfallskategori som skal nyttast. Det er viktig å merka seg at dyra eller delane av dyra ikkje må vera større enn at dei får plass i plastbehaldaren og at denne enkelt kan løftast. Sjå patologisk/biologisk avfall under problemavfall.

Utslepp til luft og vatn
Alle utslepp til vatn (kloakk) og luft skal ha godkjenning frå Statens strålevern. UiB vil ha minst mogeleg utslepp av radioaktive sambindingar og difor skal handteringsrutinane fylgjast. Dei som har bruk for slikt løyve skal ta kontakt med eininga sin lokale strålevernkoordinator, som i samarbeid med sentral strålevernkoordinator ved UiB må søka Staten strålevern om utsleppsløyve.