Hjem
HMS-portalen
Hnadtering av kjemikaliar

Generelle reglar for handtering av kjemikaliar

Desse reglane er til hjelp for å unngå at kjemikaliane vert kontaminert, men òg for å unngå at brukar skal få problem på grunn av uynskja hendingar ved bruk.

Hovedinnhold

  • Les alltid sikkerhetsdatabladet før ein tek i bruk et kjemikalie. Sikkerhetsdatabladet er tilgjengeleg i det elektroniske stoffkartoteket Chemical Manager, EcoOnline.
  • Ikkje returner kjemikaliar attende til original emballasjen. Ei inkompatibel blanding kan dannast ved eit uhell.
  • Hald kjemikaliebehaldarane lukka. Støv og damp kan koma frå ein open behaldar, gassar og suspendert materiale kan trengja inn og dette kan medføra at naturen på kjemikaliet kan endra seg. I tillegg vil ein òg unngå unødig eksponering.
  • Aldri nytt feilaktig eller umerka reagens. Dersom du er usikker på sambindinga - ikkje nytt den, men få den avhenda (sjå avhending av farleg avfall).
  • Aldri bruk spatel, rørestav eller andre gjenstandar ned i ein original lagrings behaldar for kjemikaliar. Ta ut innhaldet ved å hella og rulla glaset sitt innhald oppi eit begerglas, urglas eller anna egna utstyr. Spatel kan nyttast med varsemd i laboratorium reagens behaldarar. Hugs merking (sjå generelle tryggleiksreglar).
  • Skrukorkane på flasker eller glas må plasserast oppå ein rein flate (til dømes urglas eller anna egna utstyr) med opninga ned når dei vert tekne av flaska eller glaset. Dette for å unngå kontaminering av sambindinga og unødig eksponering.
  • Kjemikaliar skal ikkje berast etter flaskehalsen og heller ikkje inntil kroppen. Det skal nyttast eigne bereanordningar til dømes bøtter eller trillebord.
  • Ved helling frå flasker skal etiketten alltid venda opp, slik at eventuelt søl ikkje øydelegg etiketten.
  • Ha aldri andre kjemikaliar på flaska enn det som står på etiketten.
  • Ein skal ta spesielle forhandsreglar når ein handterar konsentrerte syrer. Fortynning av syrene skal gjerast ved å hella syre oppi vatn med kontinuerleg røring.
  • Avfall fra kjemikaliar skal handterast i henhald til UiB sine rutinar.