Hjem
HMS-portalen
Tryggleik på lab

Tryggleiksreglar ved arbeid i laboratorium.

Alle som arbeider eller oppholder seg på eit laboratorium ved UiB må forholde seg til følgande reglar. UiB praktiserer null-utslipp til avløp. Ein skal ikkje skylja farlige kjemikalier eller miljøskadelige stoff ned i avløpet.

Hovedinnhold

  • Sikkerhetsdatablad skal alltid leses før man går i gang med arbeid med kjemikalier eller biologiske faktorer.
  • Det er forbode å ta med eller nyta mat og drikke av noko slag på laboratoriet. Ein skal ikkje nytta kjøleskap eller fryseboksar på laboratoria til lagring og oppbevaring av matvarer. Heller ikkje nytta laboratorieutstyr, som til dømes begerglas, til mat og drikke sjølv om utstyret er nytt og ikkje har vore nytta til kjemikalieføremål.
  • Generelt sett skal ein alltid nytta vernebriller. Unngå bruk av kontaktlinser dersom det er mogeleg.
  • Nytt laboratoriefrakk av bomull. Kunstfiberstoff kan gje gnist frå statisk elektrisitet og det kan ved uynskja hendinga medføra stygge brannsår då kunstfiber smeltebrenn.
  • Nytt sko som er "tette" over tærne for å unngå skadar dersom ein søler kjemikaliar.
  • Vernehanskar skal nyttast ved bruk av etsande, giftige, irriterande eller allergiframkallande, sambindingar, samt for kjemikaliar som er farlege ved hudkontakt.
  • Laboratoria må alltid haldast ryddige og reine.
  • Smak aldri på kjemikaliar eller oppløysingar sjølv om du meinar å vera sikker på at desse er ufarlege.
  • Bruk aldri munnen til pipettering, men bruk gummiballong, byrette, pipumpe, elektrisk pipetteringsautomat eller anna utstyr.
  • Søl på arbeidsbenkar og golv skal tørkast opp umiddelbart, uansett om det er kjemikaliar eller vatn.
  • Vask hender omhyggeleg når du har vore i kontakt med kjemikaliar. Bruk såpe og vatn, ikkje organiske løysemiddel.
  • For arbeid med enkelte typer stoffer, skal det foretas en eksponeringsregistrering.
  • Det skal aldrig førekoma umerka kjemikaliar på laboratoriet. Originalemballasje skal alltid vera merka i medhald av merkeforskrifta (etikettar kan skrivast ut frå Stoffkartoteket).

Som minste krav skal emballasjen ha fylgjande merking: 

Original kjemikalie i uoriginal emballasje:Fortynna kjemikaliar i diverse uoriginale flasker og glas:
Navn på kjemikalietNamn/summeringsformel på kjemikaliet
Leverandør/produsent av kjemikalietEventuelt; namn på leverandør
Distributør av kjemikalietKonsentrasjon
FarepiktogramFarepiktogram
H- og P-setningerH- og P-setninger
CAS-nummerEventuelt; CAS-nummer
Dato og signatur på den som har overført kjemikaliet frå originalemballasjenDato og signatur på den som har overført kjemikaliet frå originalemballasjen