Hjem
HMS-portalen

Peroksiddannande kjemikaliar

Peroksiddannande kjemikaliar er potensielt eksplosive og skal handsamast forsvarleg og etter spesifikke rutinar.

Hovedinnhold

Det er mange sambindingar som har den karakteristiske peroksid; O-O-bindinga. Hovudmengda av desse stoffa er brennbare væsker og må handsamast med varsemd. Desse sambindingane går ikkje inn under peroksiddannande stoff. Men ein har nokre organiske og uorganiske sambindingar som kan reagera med oksygen i luft og danna potensielt eksplosive peroksid. Dei mest vanlege peroksiddannande sambindingane er lista i fylgjande tabellar A, B og C (listene er ikkje fullendte).

Ein god metode for å unngå å få problem med gamle peroksiddannande kjemikaliar er å ikkje kjøpa inn større mengde enn det ein treng, og å nytta løysingsmidla og stoffa etter "fyrst inn, fyrst ut" prinsippet. Peroksid og peroksiddannande sambindingar skal lagrast ved lavast mogeleg temperatur, borte frå lys og varme. Dersom ein nyttar kjøleskåp til lagring må ein vera viss på at skåpet er eigna for føremålet.

Nytta aldri metallspatlar når ein arbeidar med peroksid. Konterminering av metall kan føra til eksplosive nedbrytningsstoff. Hugs òg at dei fleste peroksiddannande kjemikaliane er flyktige og lett å setta fyr på. Arbeid difor i godt ventilerte avtrekk og unngå tennkjelder.

Flaskene med peroksiddannande stoff skal ha særskilte merkelappar (sjå merking).

Substitusjon
Ein skal prøva å finna erstatningsstoff der det er mogeleg (supstitusjonsplikta). Dersom det ikkje er mogeleg skal dei som må nytta slike stoff læra seg å kjenna att stoffa, og å handtera dei forsvarleg.

Test for peroksid
Unngå å destillera kjemikaliar som inneheld peroksid. Test alltid for peroksid før ein destillerar eller dampar inn peroksiddannande løysingsmiddel. Dersom positiv test, fjern peroksida før bruk. Dersom peroksiddannande sambindingar har vert opna og det har gått meir enn eit år (sjå lister over kjemikaliar som kan danna eksplosive peroksid) bør ein levera stoffet/ane som farleg avfall.

Kjemikaliane som kjem inn under kategorien peroksiddannar skal sjekkast med omsyn til danna peroksid jamleg, kvart kvartal (kvar 3 månad) etter at flaska er opna, og før ein nyttar sambindingane. Det er fleire metodar for testing av peroksid. Teststrimlane er til dømes lette og hendige i bruk, men ikkje så universell og følsam som t.d. jernthiocyanat testen, og lagringstida er avgrensa.

Ikkje test eller handter peroksiddannande kjemikaliar der:

  • ein er usikker på alder
  • flaska har vert opna, men ikkje testa på to år
  • ein har synlege krystallar eller botnfall
  • det er danna eit viskøst oljelag

Merking

Flaskene med peroksiddannande stoff skal ha særskilde merkelappar der det skal vera notert:

Avhending

Test alle peroksiddannande kjemikaliar før mogeleg bruk og avhending. Dersom testen er positiv med omsyn til danna peroksid må ein fastslå konsentrasjonen før ein kan avgjera kva ein skal gjera:    

  • Konsentrasjon mindre enn 400 ppm (mg/l): Stoffet kan nyttast dersom ein fjernar peroksidet fyrst. (Kan òg senda stoff med innehaldande < 400 ppm peroksid som farleg avfall dersom ein ikkje ynskjer å fjerna peroksid).
  • Konsentrasjon mellom 400-3000 ppm (mg/l): Stoffet kan leverast som farleg avfall (kan senda kjemikaliar som maksimalt inneheld 0,3 % peroksid - svarande til 3000 ppm. ADR bestemminga kap 2.2.3.2.1).
  • Eksplosive forbindelser: kontakt Faggruppe for HMS, beredskap og bærekraft
  • Farleg avfall

Se eksplosivt avfall for mer informasjon.

Testing av peroksid

Det finst fleire ulike testmetodar og metodane som fylgjer kan nyttast på dei fleste organiske løysingsmiddel. Der er inga passande, enkel testprosedyre for å bestemma peroksid i kjemikaliar som alkali metall, alkali metall alkoxid, amid eller organometallar.

Dersom ein finn peroksid må dette enten fjernast, der det er mogeleg, eller leverast som farleg avfall der det er mogleg. For kva konsentrasjonar som kan sendast som farleg avfall, så under avhending.

Konsentrasjonen på innhaldet av peroksid må ikkje vera over 400 ppm (mg/l) dersom ein skal kunna fjerna peroksidet med ein av dei føreslagne metodane. Ein kan nytta kjemikaliet etter reinsing, men hugs sett ny dato på merkelappen.

Jodtest av peroksid

  • Tilfør 0,5-1,0 ml av væska ein vil testa til om lag same mengde iseddik der ein har tilsatt 0,1 g sodium iodide (NaI) eller potassium iodide (KI) krystallar.
  • Ein gul farge indikerar ein lav konsentrasjon av peroksid i prøven.
  • Ein brun farge indikerar at der er ein høg konsentrasjon.
  • Ein bør òg gjera ei blank bestemming.
  • Lag alltid ei fersk ny løysing med jodid/iseddik før bruk, fordi ein ser at etter ei tid vil blankprøven verta brun på grunn av luftosidasjon.

 Jerntiocyanat test av peroksid

  • Ein dråpe av løysinga som skal testast vert blanda med ein dråpe reagensløysing.
  • Rosa eller raud farge indikerar at ein har peroksid til stades.
  • Reagensløysing:
    9 g iron(II) sulfate heptahydrate (FeSO4·7H2O) i 50 ml 18% hydrochloric acid (HCl). Tilsett 0,5-1,0 g granulert zinc (Zn) og så 5 g sodium thiocyanate (NaSCN).

Når den gjennomsiktige raude fargen forsvinn, tilfør 12 g eller meir med sodium thiocyanate (NaSCN) og dekanter løysinga frå ikkje nytta zink (Zn) over i ei rein flaske.

Titanium(IV)oksysulfat test av peroksid

  • Ta ut 1 ml prøve og tilsett 1 ml reagens.
  • Rist og la blandinga stå i minst 2 minuttar og observer fargen.
  • Samanlikn med kalibrerings-/standardkurven.
  • Reagensløysing:
    Er ei ferdig titanium(IV) oxysulfate (TiOSO4) løysing i 27-31% sulfuric acid (H2SO4). Fluka nr. 89532.

Sjå bilete for standarkurven for peroksid.
For å vera på den sikre sida når det gjeld fargebestemming, anbefalar ein at konsentrasjonen ikkje overskrider 1500 ppm.
Konsentrasjonen er gjeve som hydrogenperoksid  (H2O2).

Peroksid teststrimlar

  • Teststrimler er kommersielt tilgjengelege frå fleire kjemikalieleverandørar.
  • Nytt teststrimlene slik det er beskrive i bruksanvisninga.

Døme på leverandørar og produktnummera deira:
Sigma-Aldrich: Aldrich, Quantofix nr. Z249254 (0-25 mg/l).
                     Aldrich, Quantofix nr. Z101680 (0-100 mg/l).

Fjerning

Påviser ein peroksid i løysingsmidlet må ein fjerna dette før bruk. Konsentrasjonen av peroksid må ikkje vere over 400 ppm (mg/l). Ein av dei fylgjande metodane beskrive her kan nyttast. Etter fjerning av peroksid testar ein kjemikaliet på nytt med ein av metodane for testing.

Metode 1 - Aktivert alumina:

  • Danna peroksid kan fjernast frå løysinga ved å la det gå gjennom ei kort kolonne fylt med aktivert alumina.
  • Metoden er effektiv for både vassløyselege og ikkje vassløyselege løysingsmiddel. Unnataket er alkoholar med lav molekylvekt.
  • Metoden øydelegg ikkje peroksida, så aluminaen må handsamast etter bruk med fortynna syre løysing av potassium iodide (KI) eller iron(II) sulfate (FeSO4) for å fjerna peroksida.

 Metode 2 - Jern(II) salt:

  • 60 g iron(II) sulfate (FeSO4) + 6 ml konsentrert sulfuric acid (H2SO4) + 110 ml vatn.
  • Eller: 100 g iron(II) sulfate (FeSO4) + 42 ml konsentrert hydrocloric acid (HCl) + 85 ml vatn.