Ioniserande stråling
Ioniserande stråling har høg nok energi til å skade arvestoffet i cellene.
Hovedinnhold
Ioniserande stråling er stråling som har tilstrekkeleg energi, i form av partiklar eller elektromagnetisk stråling, til å slå bort elektron frå atom og/eller molekyl som vert treft, slik at ein får danna ion i biologisk materiale. For å kunna klara dette må strålinga ha ein energi på over 12,6 eV (elektron volt) tilsvarande ei bølgjelengd på 100 nm eller kortare. I menneskekroppen vil denne strålinga ha høg nok energi til å bryta dei kjemiske bindingane i arvestoffet i cellene og såleis skada dette.
Ioniserande stråling har to hovudtypar:
- Partikkelstråling -α-, β-, nøytron- og protonstråling.
- Elektromagnetisk stråling (fotonstråling) - røntgen- og γ-stråling.
Kunnskap samt gode arbeidsprosedyrar og rutinar er svært viktige føresetnadar for å kunna arbeida trygt med ioniserande strålekjelder. Alle som arbeider med ioniserende stråling skal registreres i eksponeringsregisteret.
- Retningsline for strålevern og bruk av stråling ved UiB
- Retningslinje for stoffkartoteket
- Arbeid med stråling og strålevern
- Det elektromagnetiske spekteret
- Ikke-ioniserende stråling
- Avfall frå ioniserande strålekjelder