Hjem
HMS-portalen
Inkompatible

Inkompatible kjemikaliar

Bruk og lagring av inkompatible kjemikaliar krev særs merksemd.

Hovedinnhold

Ei rekke kjemikaliar reagerar svært farleg med ein annan når dei vert blanda. Ein må vera merksam på desse kjemikaliane til ei kvar tid både når det gjeld bruk, transport, lagring og ved avfallshandtering av kjemikaliar.

Ved bruk og lagring må ein ta særskilt omsyn til desse kjemikaliane og grupper av sambindingar, for å unngå uhell og skadar av menneske, miljø og materiell. Til hjelp for identifisering er det utarbeida ei matrise over grupper av inkompatible kjemikaliar.

NB! Sjekk alltid Sikkerhetsdatabladet kapittel 10 - Stabilitet og Reaktivitet, før du oppbevarer og arbeider med kjemikalier.