Forbruksavfall
Forbruksavfall ved UiB skal kjeldesorterast, og det er rutiner for dei ulike avfallsfraksjonane. Returpunkt er plassert i eller ved bygga.
Hovedinnhold
Sjå menypunkta nedanfor for dei ulike avfallsfraksjonane UiB har rutinar for pr. i dag. Det som ikkje kjem inn under avfallsfraksjonane nedanfor går i restavfall. Dette gjeld blant anna matpapir, plastbeger, plastflasker (reine og luktfrie), konvoluttar med vindauge, blåpapir, bøker og telefonkatalogar. Dette gjeld ikkje problemavfall, farleg avfall, avfall frå ioniserande strålekjelder eller eksplosivt avfall.
Større mengder avfall
Ved handtering av større mengder avfall i samband med opprydding og utpakking osb. må brukar sjølv transportera dette avfallet til tilvist stad i avfallsromma. Dersom det er så store mengder avfall at eininga må ha eigen konteinar må eininga kontakte driftsleiar. Avfallet skal betalast av eininga. Dersom avfallet er store einingar eller mengder EE-avfall, skal konteinaren berre innehalda denne eine typen avfall.
Farlig avfall
Kildesortering på miljøstasjon
Returpunkt-forbruksavfall
Returpunkt for forbruksavfall
Alle bygg ved UiB har konteinarar for papir plassert i eller ved bygget.
Bygg, adresse | Papp | Glass/ | EE/ | Plassering |
Realfagbygget, | X | X | X | Rom KE4d. |
Vektergården, | X | X | Glass i utvendig bossrom. | |
Administrasjonsbygget, | X | X | Utvendig bossrom. | |
BB-bygget, Jonas Liesvei 91. | X | X | ||
Jussbygget, Magnus Lagabøteplass 1. | X | Pappresse i sykkelskur i | ||
Nygårdsgaten 5. | X | X | X | For tiden ute av systemet pga rehabilitering |
Studentsenteret, | X | X | X | 1. etg. varemottak. |
Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9. | X | X | Pappresse og nettingbur plassert i bossrom. | |
Odontologen, Årstadveien 19. | X | X | ||
Overlege Danielsens hus, Årstadveien 21. | X |
Gjenbrukspapir
Gjenbrukspapir
Bergen kommune har eigne kartongar for papir som skal gå til gjenvinning. Alle kontor har fått utlevert ein kartong for returpapir, og dersom ein manglar denne tar du kontakt med driftsleiar via e-post. Informasjon om bruk er trykt på kartongen.
Følgjande kan leggast i kartong for returpapir:
- skrivepapir
- papir til kopieringsmaskiner og dataskrivarar
- datalister
- konvoluttar utan vindauga
- aviser
- tidsskrift
- brosjyrar og liknande
Returkartongen vert ikkje tømt av reingjeringspersonalet. Den einskilde brukar er sjølv ansvarleg for å tømme dette papiravfallet.
Makulering
Dokument som skal makulerast er brukar sitt ansvar og skal ikkje i kartong for returpapir.
Returpunkt
Alle bygg ved UiB har konteinar for returpapir utplassert i eller ved bygget.
Kartong
Kartong
Alt av papp skal gå i denne returordninga (esker, kartongar, skiljeveggar, innlegg osb.). Alle kartongar og esker skal flatpakkast og/eller skjerast ned.
Reinhaldspersonalet tek hand om papp i nokre bygg; dersom ikkje må brukar sjølv ta hand om avfallet. Kartong skal i konteinarar med blått lokk merka papp.
Det er dårlig økonomi å blanda papp og papir!
Glas
Glas
NB: Kun glas som har vore nytta som emballasje for næringsmidlar skal sorterast som "glas og metall" på miljøstasjon. Dersom du ikkje har miljøstasjon i ditt bygg, skal glas fraktast til avfallsrom. Glas skal vere tørt og reint.
Tomme medisinglas og kjemikalieflasker av glas skal avhendast som:
Metall
Metall
Metall som har vore nytta som emballasje for næringsmidlar skal sorterast som "glas og metall" på miljøstasjon. Næringsmiddelmetall vert kasta av brukar i glaskonteinarane. Metall skal vere tørt og reint.
Utplasserte konteinarar, sjå under handtering av glas.
Forureina metallemballasje som det ikkje går an å få reint, sjå:
Plastemballasje
Plastemballasje
På universitetets miljøstasjonar, som foreløpig finst i om lag 12 av våre bygningar, kan ein sortere plastemballasje. Dette er plast som har vore nytta til å pakke inn matvarer eller andre produkt. Plastemballasjen må vere tørr og rein når han sorterast.
Kva er plastemballasje? Plastposer, plastfolie, påleggsemballasje, ketchupflasker, rømmebeger, plastesker til frukt, Zaloflasker etc.
Kva er ikkje plastemballasje? Isopor, plastflasker med pant, pappkoppar, penner, bøtter, alle plastbeholdarar merka med faresymboler, plastbøtter, blomsterpotter, all annan plast som ikkje har vore nytta til innpakning.
EE-avfall
EE-avfall
Elektrisk og elektronisk (EE) avfall er regulert av "Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften), kapittel 1. Kasserte elektriske og elektroniske produkter". Denne typen avfall kan innehalda fleire typar farleg avfall som vert sortert ved mottakarstaden. EE-avfallet består av ulike typar avfall:
- Lysrør. Alle lengder, tjukkleikar av rette lysrør
- Andre lyskjelder. Sparepærer, glødelampar, lyspærer, damplampar, lysrør som ikkje er rette (t.d. "kringler"), ultrafiolette og infraraude lampar osb.
- Kablar og leidningar. Alle typar kablar og leidningar
- Små einingar. Handverktøy, mindre instrumentering, armaturar, lampar, kaffitraktarar, vasskokarar, panelomnar osb.
- Store einingar. Pumper, verktøysmaskinar, større instrumentering, elektromotorar, aggregat, varmtvassbehaldarar, industrimaskinar osb.
Vedrørande lysrør og andre lyskjelder har UiB etablert eigen returordning for desse, sjå under lysstoffrør.
UiB har inngått avtale om henting og levering av små einingar, og der er sett ut nettingbur i og ved ein rekke bygg for innsamling. Det er den enkelte eininga som er ansvarleg for at returordninga vert nytta.
Når store einingar eller større mengder med EE-avfall skal leverast må ein ha konteinar. Når ein kjøper eller importerar EE-produkt har ein allereie betalt ei miljøavgift som skal dekka handsaminga av avfallet, men framleis må transport og leige for konteinar betalast. Det er svært viktig at konteinaren berre inneheld EE-avfall og ikkje vert blanda med anna avfall, slik at konteinaren må handsamast som usortert avfall. Kostnadane med usortert avfall er mykje høgre.
Eininga må ta kontakt med driftsleiar som for kvar henting avtalar med innsamlar. Alle kostnadar vert belasta eininga.
I tillegg vises det til informasjon om avhending av anlegg.
IT-utstyr og mobiltelefoner
Retur av brukt IT-utstyr
Vi prøver å gjenbruke IT-utstyr internt på UiB. For utstyr vi ikke lenger kan bruke, har UiB avtale med firmaet 3stepIT som tar imot det for gjenbruk eller resirkulering.
Elektronisk avfall er verdens raskest voksende avfallsstrøm.Ved å bruke utstyret så lenge som mulig, og å returnere utrangert utstyr bidrar vi til at dette håndteres på en måte som er
- Miljøvennlig: Utstyr som kan brukes blir gjenbrukt. Utstyr som ikke kan brukes blir sendt til materiellgjenvinning. UiB får full oversikt over hvordan "vårt" utstyr håndteres.
- Økonomisk gunstig: Tilbakebetaling for brukbart/salgbart utstyr bidrar til å dekke kostnadene med transport og behandling.
- Sikker: Alle data på innleverte enheter slettes slik at de ikke kan gjenopprettes.
Eksempel på IT-utstyr:
Bærbare og stasjonære pc-er, skjermer, mobiltelefoner nettbrett, AV-utstyr, servere, kassesystemer, printere, nettverksutstyr, kabler, mus, tastatur. Det som ikkje blir gjenbrukt via 3stepIT, sørger dei for at det blir materialgjenvunne.
For mer informasjon, se IT-avdelingen sin informasjon om retur av brukt IT-utstyr på UiBHjelp.
I tillegg vises det til informasjon om avhending av anlegg.
Tonerkassettar
Tonerkasettar frå Hewlett-Packard (HP)-skriverer
HP tilbyr gratis returordning for brukte og ubrukte tonerkassetter til HP-skrivere. Disse blir sendt til resirkulering.
Bestilling av returartonger og frakerte konvolutter gjøres via HPs nettside.
UiBs organisasjonsnr er 874789542
Tonerkassettar frå Ricoh
Tomme tonerkassettar frå Ricoh-maskinar kan sendast i retur med service personell ved besøk.
De kan også avhendes som restavfall.
Lysstoffrør
Lysstoffrør
Det er ei eiga returordning for lysstoffrør, sparepærer og lyspærer. Lysstoffrøra og sparepærene inneheld kvikksølvdamp (Hg-damp), og difor må røra tømmast for dampen slik dei ikkje skadar miljøet. Lyspærer inneheld elementært bly (Pb) som må handterast på ein forsvarleg måte.
Det er driftspersonale ved EiA som skiftar lysstoffrør og det meste av sparepærene. Dersom ein har lyspærer eller sparepærer, ta kontakt med driftsleiar via behovsmeling i Lydia for avklaring om levering.
Forbruksbatterier
Forbruksbatterier
Det er en egen returordning for forbruksbatterier der UiB får ferdig frankerte esker for innsamling av småbatterier. Når disse er fulle så tapes de igjen og sendes i posten. Se bilde for å se hvordan eskene ser ut.
