Hjem
Institutt for fysikk og teknologi

Petroleum- og prosessteknologi

Rett i nærleiken av Bergen er det ilandføring av både olje og gass, og faktisk ligg omtrent 75 % av arbeidsplassane i norsk petroleumsindustri her på Vestlandet.

Hovedinnhold

Korleis kan vi utvinne meir av oljen på norsk sokkel? Korleis kan vi handtere CO2? Dette er nokre av dei mange og spennande teknologiske utfordringane som må løysast.

Petroleumsteknologi handlar om dei metodene og verktya som blir brukt i leiting, reservoarkarakterisering og utvinning av petroleum frå olje- og gassreservoar. Prosessteknologi på si side omfattar transport og vidareforedling av olja og gassen etter at råvara har kome til overflata.

Bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi er ei tverrfagleg utdanning som startar med geologi, kjemi, matematikk og fysikk som grunnlag for spesialiseringsemna retta mot petroleum- og prosessteknologi. Dette gir eit godt fagleg grunnlag enten du veljer å gå vidare med eit toårig masterprogram i prosessteknologi eller petroleumsteknologi eller å gå rett ut i jobb.

Via denne linken kan du finne meir om kva studiet går ut på, kva moglegheiter studiet gir og korleis du kan søke.