UNIVERSITETET I BERGEN ÅRSMELDING 1994

Glimt fra 1994

[Innhold]

Januar

Frå 1. januar 1994 vart det slutt på røyking innandørs ved UiB, med unntak av særskilde areal avsette til føremålet. Fleire søkte, og nokre fekk, dispensasjon frå forbodet mot røyking på eige kontor.

Det nye Vivariet (Dyrestallen) ved Haukeland sjukehus vart opna 21. januar. Det er det mest moderne i Nord-Europa, og gir den dyreeksperimentelle verksemda heilt nye kår.

Fagleg-pedagogisk dag for lærarar på Vestlandet vart 28. januar arrangert for tredje gong, med om lag 100 ulike emne/forelesningar, og 1.200 - 1.600 deltakarar.


Februar

Universitetet sin rektor, Ole Didrik Lærum, vart tildelt den islandske Falke-ordenen 15. februar. Han fekk ordenen for innsatsen i arbeidet med å styrkje det tosidige sambandet mellom Island og Noreg, særleg innan kultur, forsking og høgare utdanning.

Professor Bjarne Bjorvatn, Senter for internasjonal helse, vart utnemnd av EU-kommisjonen til å koordinere forsking kring vaksineutvikling i Europa. Prosjektet har ei førebels budsjettramme på 8.5 millionar kroner over to år.


Mars

Kristin Sampson og Ann Nordam var dei første kvinner på ti år som tok hovudfag i filosofi ved UiB.

Årets Meltzerpris for yngre forskarar vart 8. mars tildelt dr. med. Helga Refsum. Refsum fekk prisen for arbeidet med å utvikle ein eigen metode for analyse av aminosyra homocystein.


April

Universitetet i Bergen sette ny rekord i talet på søknader til studieplass. Det kom inn 19.000 søknader, mot 14.000 året før.


Mai

Det nye SV-bygget, kalla "Lauritz Meltzers hus", vart opna av statsråd Gudmund Hernes 3. mai.

22.-25. mai fekk UiB besøk av ein delegasjon frå det palestinske Birzeit-universitetet på Vestbredda. Besøket var ein gjenvisitt, og ledd i arbeidet med å etablere eit samarbeid mellom dei to universiteta.


Juli

8.909 studiesøkjande fekk tilbod om 2.800 studieplassar ved UiB. I tillegg fekk 5.000 tilbod om å studere examen philosophicum. At det vart gitt tilbod til fleire enn det samla talet på plassar, skuldast lærdom frå fleire år med at mange søkjer fleire utdanningsinstitusjonar. Alle som tek i mot tilbodet møter heller ikkje fram. I ein ekstra suppleringsrunde seinare vart det gjeve tilbod til ytterlegare 500 søkjarar.


August

Universitetet sin årsfest markerer opninga av det akademiske året. I talen retta rektor Ole Didrik Lærum kritikk mot norsk innvandringspolitikk. Utanlandske studentar som vil halde fram med doktorgrad i Noreg, møter mange hindringar, sa Lærum. Universitetsdirektør Kåre Rommetveit etterlyste fleire hovudfagsplassar, og sa at ikkje alle som er kvalifiserte og ønskjer plass på hovudfag, vil kunne få det i framtida. Leiar for Norsk Studentunion i Bergen, Guri Ofstad Varpe, kritiserte manglande likestilling, og kalla universitetet ein mannsbastion.

Eit engelskpråkleg spesialnummer av UiB-Magasinet - University of Bergen Magazine - vart sendt ut, mellom anna til samtlege tilsette ved Universitetet i Bergen, til bruk for utanlandske kontaktar og samarbeidspartnarar. Utgåva vart godt motteken og mykje etterspurd.


September

På Juristforeninga sin humanitæraksjon 20. september gav lærarar og studentar frå Det juridiske fakultet juridisk råd og hjelp til folk på Torgalmenningen i Bergen. 155.000 kroner kom inn.

Det nyorganiserte Bergen Museum, som omfattar alle universitetsmusea, fekk sin første direktør, dr. scient. Kåre Hesjedal.

Oktober

Eit gamalt ønskje gjennom mange år vart oppfylt då det på statsbudsjettet vart løyvd 15 millionar kroner til ny telefonsentral på UiB.

Ei styringsgruppe gjorde framlegg om at Dei medisinsk-historiske samlingane saman med Stiftinga St. Jørgens hospital/Lepramuseet skal verte stammen i eit nytt medisinsk-historisk museum i Bergen. Ni millionar kroner vil det koste å skape eit nytt museum i bygningane der Armauer Hansen la grunnlaget for oppdaginga av leprabasillen.

Æresdoktor ved Universitetet i Bergen, tidlegare direktør for University of California sitt Education Abroad-program, William Allaway, oppretta eit årleg stipend på 3.000 dollar for at ein Bergens-student skal kunne studere i USA gjennom utveksling med ein California-student.


November

EU-debatten skapte strid om akademikarane si rolle, i skjeringspunktet mellom fag, politikk og ideologi. Gjennom kronikkar, debattinnlegg og namnelistar med opprop for og mot EU, engasjerte mange UiB-tilsette seg i den offentlege debatten.

"Kvalsalen" til Naturhistorisk museum fekk den første ansiktsløftinga sidan opninga for snart hundre år sidan.

Cand.jur. Ørnulf Rasmussen var den første som disputerte i Noreg på ei
teaterscene, då han forsvarte avhandlinga si for den juridiske doktorgraden på Den Nationale Scene.


Desember

Direktør ved Internasjonalt kontor, Jan Petter Myklebust, vart 4. desember tildelt Erasmus-prisen for innsatsen for europeisk studentutveksling. Han er den første nordmannen som har fått prisen.
[Innhold]