Universitetet i Bergen : Forskningsdagene : Språktestene : Dialekter i Hordaland

  Dialektleiken


 

 


Meir om dialekten på
Osterøy

Meir om dialekten på Sotra
Meir om dialekten på Voss
Meir om dialekten på Stord
Meir om bergensk

Første sida

 

Hordamåla

Dialektane i Hordaland deler vi oftast i sunnhordlansk, hardingmål og vossamål, nordhordlandsk og bergensk. Sett vekk frå bergensk har alle dialektane i fylket infinitivar på -a, slik at det heiter å vera, å kasta, å bita osv. Same endinga har også hokjønnsord som jenta, gata, klokka, dvs. slike ord vi kallar svake hokjønnsord, og som endar på -e i skriftmåla våre. Bergensk har endinga -e i alle desse orda.

Heile fylket har forma klåkko (ev. klåkkå) i bestemt form av ei klokke. Dei svake hokjønnsorda er altså svært likt behandla i heile fylket. Derimot viser dei sterke hokjønnsorda variasjon i bestemt form, slik at det heiter solo (eller solå) i Sunnhordland, men solæ på Voss, i Hardanger og Nordhordland. Sotra har sola.

Unntaket frå alt dette er bergensk, som har endinga -en i alle dei nemnde orda.

I heile fylket (minus Bergen) er det nokså vanleg å seie adle, å kadla og eit fjedl. I dei ytre delane av fylket har ein også hatt forma ei kadna for ei kanne. Yngre personar har mindre av desse formene, særleg av dei med dn.

Det vi skriv ld og nd, blir i Nordhordland og Bergen uttalt som ll og nn: kvell og senna for kveld og sende.

Dermed kan vi skilje mellom dei fire hordamåla slik:
Sunnhordland: Dei fann ikkje sildo
Hardanger & Voss: Dai fann ikkje sildæ
Nordhordland: Dei fadn ikkje sillæ
Bergen: Di fant ikkje sil'n