Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Gardsnamn og busetnadshistorie

   
Cand. philol. Inge Særheim disputerer 23. juni for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
"Namn og gard. Studium av busetnadsnamn på –land".
Materiale for avhandlinga er busetnadsnamn av land-klassen, som blir studert i eit overordna nordisk perspektiv og med fokus på eit sørvestnorsk namnetilfang. I Noreg er det meir enn 2000 namn av denne typen, med kjerneområde på Sørvestlandet. I tillegg til språkleg tolking av namnetilfang er spørsmål som gjeld tydinga til namneleddet –land og alderen til land-namna, tekne opp. Det opphavlege innhaldet til namneleddet vert drøfta med bakgrunn i bruken av ordet og nemnet land – og nærskylde ord – i nordeuropeiske språk. Alderen til namna er undersøkt med utgangspunkt i språklege og historiske grunnlag, m.a. på bakgrunn av arkeologisk funnmateriale, gardsnedlegging i kriseperiodar og landskyld i mellomalderen. Gardsnamna på –land blir òg drøfta i høve til andre sentrale klassar av busetnadsnamn, t.d. namn på –vin, -heim og –stad. I avhandlinga er det dessutan presentert meir enn 100 namn med etterleddet –land som no har funksjon som teignamn o.a., men som tidlegare kan ha vore busetnadsnamn av denne klassen.

Personalia:
Inge Særheim er fødd i Stavanger i 1949. Han tok historisk-filosofisk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1979. Etter avslutta studium arbeidde han først eitt år som høgskolelektor i norsk ved Stord lærarhøgskule, deretter som forskar innom namnegransking ved Rogalandsforskning og Rogaland distriktshøgskole. For tida er han tilsett som høgskoledosent i nordisk språkvitskap ved Høgskolen i Stavanger.

Tidspunkt og sted for disputasen:
23.06.2000, kl. 10.15, Auditorium E-164 i Kjølv Egelands hus, Høgskolen i Stavanger.

Kontaktpersoner:
Inge Særheim, tlf. 51831018 (a.), 51425517 (p.)
e-post: inge.saerheim@hum.his.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), epost: ronnaug.tveit@info.uib.no

Offisiell side
.