Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Læring mellom stat og kommune

   
Cand.polit. Øyvind Glosvik disputerer 19. januar 2001 for dr.polit.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"I grenselandet - læring mellom stat og kommune"

I avhandlinga vert tre teoretiske resonnement utvikla for å syne kva omgrepsapparat som trengs for å analysere tilhøvet mellom stat og kommune som organisasjonslæring.

For det første kan tilhøvet forståast i lys av ein komplett organisasjonslæringssyklus som rettar søkjelys både mot det einskilde individet si læring av nye handlingar, men også mot kollektivet som ei stabiliserande ramme individuelle handlingar vert vurderte opp mot. For det andre vert ein teori om læring på ulike nivå teken i bruk for å syne korleis aktørar i stat og kommune lærar mange ulike ting i samspelet seg i mellom. For det tredje vert bidrag frå institusjonell teori nytta for å klargjere kva som må endrast for at det individa lærer skal påverke organisasjonen.

Studier av kommunal næringsutvikling, overføring av landbruksforvaltninga frå staten til kommunane, fylkeskommunale planleggingsprosessar og forvaltning av nasjonalparkar vert drøfta for å syne korleis einingar i stat og kommune lærer. Avhandlinga syner at det viktige spørsmålet ikkje er korleis, men kva slike einingar lærer. For å understreke dette, drøftar Glosvik generelt omgrepet patologisk læring for å syne at det ikkje treng vere positivt, alt organisasjonar lærer.

Personalia:
Øyvind Glosvik er 42 år. Han er fødd og oppvaksen i Førde. Han er tilsett som førstelektor ved avdeling for økonomi- og språk, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tidlegare har Glosvik arbeidd som forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking avdeling Nord-Noreg i Alta og ved Vestlandsforsking i Sogndal.

Tid og stad for disputasen:
19.01.2001, kl. 10.15, Auditoriet i Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt

Kontaktpersonar:
Øyvind Glosvik, Avd. for økonomi og språk, Høgskulen i Sogn og Fjordane (oyvindgl@hisf.no) Tlf. 57 67 63 14 (a), Tlf: 57 67 93 60 (p) (oyvindgl@frisurf.no)
Informasjonsavdelinga v/ mediekontakt Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35 (a), epost: morten.steffensen@info.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det samfunnsvitenskapelige fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side
.